Hopp til innhold

Mann kledde seg ut som pleiar og stal ved sjukeheim

Ein mann i 30-åra frå Ålesund kledde seg ut som pleiar og stal fleire eigedelar frå tilsette ved sjukeheim.

Sandetun

Det var ved Sandetun sjukeheim at mannen kledde seg ut som ein pleiar og stal frå dei tilsette.

Foto: Sande kommune

Ein mann i 30-åra frå Ålesund er tiltalt for fleire tjuveri, bruk av falske reseptar for å få ut medisinar og narkotiske preparat, i tillegg til bruk av narkotika.

Kledde seg opp som pleiar

21. oktober skal mannen ha teke seg inn på Sandetun sjukeheim i Sande kommune på Sunnmøre.

I ei garderobe fann mannen ei pleiaruniform som han tok på seg og lata som han var nytilsett, heiter det i tiltalen.

Deretter skal han ha stole fleire eigedelar frå dei tilsette. Ifølgje tiltalen skal det ha vore mellom anna ryggsekker, klokker, ein mobiltelefon, namneskilt, sandalar og klede.

Må møte i tingretten

Ålesundaren skal i neste månad møte i Sunnmøre tingrett. Han er tiltalt for nærare 60 forhold. Det er sett av ein heil dag til å behandle saka den 30. april.

Forholda skal ha skjedd frå hausten 2011 fram til mars 2013.

Tiltalen inneheld og fleire tilfelle av oppbevaring av tjuvegods, nasking, eitt innbrot mot ein hus og kjøring i påverka tilstand.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL