Hopp til innhold

Innbrotstjuvar vandaliserte kulturminne: – Unødvendig og trist

– Dette blir tidkrevjande og kostbart, seier museumsleiar.

gamle bergen innbrudd innbrot

Politiet hadde torsdag føremiddag sperra av delar av området.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

I Gamle Bergen vandrar turistane mellom gamle, historiske bygningar.

Innimellom dukkar skodespelarar i gamle kostyme opp, og byr på små førestillingar der dei besøkande får glimt frå gamle dagar.

Men denne torsdagen er noko annleis på museet.

Fleire av dei ærverdige bygga er sperra av med politiband, langs husveggane plukkar tilsette opp glasbrot og fleire av kostyma til skodespelarane manglar.

I løpet av natta har nokon brote seg inn i seks forskjellige bygningar og skada freda bygg og kulturminne.

gamle bergen innbrudd innbrot

Paktarbustaden ved Krohnstedet har fått skadar på dører og vindauge.

Foto: Sigurd Hamre / NRK
gamle bergen innbrudd innbrot

Paktarbustaden ved Krohnstedet har fått skadar på dør og vindauge.

gamle bergen innbrudd innbrot

Det er både dyrt og tidkrevjande å restaurera dei knuste vindauga.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

– Det er mest vandalisme eigentleg. Det er det som er så trist her. Verdiane står ikkje i forhold til skadeomfanget, seier utstillings- og formidlingsleiar i bymuseet i Bergen, Kari Skarprud Pettersen.

Store skadar på freda bygg

Det var ved 7-tida torsdag morgon at dei første tilsette som kom på jobb oppdaga ei knust rute.

Så oppdaga dei ei til, og så endå ei.

Tjuvar hadde teke seg inn i bygga og teke med seg det dei trudde var av verdi, mellom anna kostyme og rekvisittar som skodespelarar brukar i små førestillingar for turistane.

gamle bergen

Vanlegvis møter besøkande eit «levande museum» i Gamle Bergen, der skodespelarar i kostyme viser små førestillingar i gatene.

Foto: Bymuseet i Bergen

Parallelt med dette fekk politiet melding om to personar som var observert med flosshatt og trekkspel like i nærleiken.

– Det kan sjå ut som dei har vore opptekne av å få tak i omsettelege gjenstandar, men det dei har fått med seg har ingen store verdiar, sa Stine Mjelde i politiet til BT ved 9-tida.

Dei hadde då ikkje oversyn over verdiane som er tekne, men Mjelde omtalte innbrotet som alvorleg.

– Dei to vart avhøyrde på staden og viste vekk frå området, seier ho til NRK.

Ho opplyser ved 14-tida at tjuvegodset skal vera levert tilbake til museet.

gamle bergen innbrudd innbrot

Tjuvane tok med seg skuffa i denne kommoden, fylte ho med tjuvgods og bar ho med seg.

Foto: Sigurd Hamre / NRK
gamle bergen innbrudd innbrot

I fleire rom var det knust glas på golva som møtte dei tilsette torsdag morgon. Mellom anna ein spegel frå 1700-talet var knust.

gamle bergen innbrudd innbrot

Torsdag ettermiddag er kostymelageret rydda og ordna, men her hadde tjuvane forsynt seg. Kvart av kostyma har ein verdi på mellom 300 og nokre tusen kroner, men er truleg ikkje mykje verdt på den illegale marknaden.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

Jacob Schroll, arkitekt ved Bymuseet, er mest uroa for skadane på bygningane.

– Det er freda bygningar me har med å gjera. For det meste har dei teke seg bryet med å knusa ruter, hella diesel utover ting i husa og teke med seg det dei tenkte hadde verdi, seier han.

Og det er ikkje heilt enkelt å restaurera dei knuste vindauga.

– Det å ta ut rutene og restaurera dei etter gamle handverksteknikkar er tidkrevjande og kostbart. Det følast unødvendig og trist, seier Pettersen.

Bygga som har blitt skadde er Krohnstedet, paktarbustaden til Krohnstedet. Glassmesterhuset, Stallen, Løen og Smien. Minst to av bygga er freda.

– Dei har lagt frå seg eit brekkjarn og ei jakke her, i rein Olsenbanden-stil, seier Pettersen.

gamle bergen innbrudd innbrot

Totalt er ruter i seks bygg knust i Gamle Bergen.

Foto: Sigurd Hamre / NRK
gamle bergen innbrudd innbrot

Tilsette starta arbeidsdagen med opprydding utanfor dei knuste rutene.

Foto: Sigurd Hamre / NRK
Tyveri Gamle Bergen

Utstillings- og formidlingsleiar i Bymuseet i Bergen, Kari Skarprud Pettersen. Gamle Bergen er eit av ni museum som er ein del av Bymuseet.

Trur museet er sikkert nok

Det var ikkje noko kjekt syn som møtte dei tilsette ved museet.

– Det er veldig trist, seier Schroll.

Schroll og Pettersen har no både opprydding, restaurering og sikring framfor seg.

– Eg trur sikkerheitsopplegget vårt er bra nok. Me kan alltid forbetra oss og det jobbar me med kontinuerleg, men fokuset vårt handlar i stor grad om brann, seier Schroll.

Han peikar på at dei kunne ønskt seg eit meir omfattande alarmsystem og videoovervaking, men museet ligg i eit ope område som også er tilgjengeleg etter stengetid.

– Det går ein veg rett gjennom her, og me må ta omsyn til offentlegheita.

Bymuseet i Bergen gamle bergen

Gamle Bergen har vore ope torsdag òg, men det er eit litt anna syn enn vanleg som har møtt dei besøkande.

Foto: Bymuseet i Bergen