Hopp til innhold

Klatrarar er berga etter femten timar

Etter femten timar er dei to klatrarane som har site fast på Store Vejetind i Møre og Romsdal berga.

Store Venjetind

Klatrarane var på 1350 meter over havet då dei bad om hjelp i 21-tida laurdag.

Foto: Google maps

Luftambulansen frå Dombås henta ned kvinna og mannen frå Trøndelag like etter klokka 12.

Då hadde to erfarne klatrarar frå Romsdal Fjellredningsgruppe fått tak i dei, og tatt dei med til ein tryggare stad der luftambulansen kunne lande.

Jan Helge Kjøl i politiet fortel at det var mykje vind der oppe.

– No er klatrarane nede. Vi er glade for at alt har gått bra. Dette vart gjort på ein fornuftig og effektiv måte, seier politimannen.

Han seier at dei to klatrarane har det bra.

Fekk problem i går

Politiet fekk melding i 21-tida laurdag om to trønderske klatrarar som hadde problem ved Store Venjetind i Rauma. Klatrarane var 1350 meter over havet.

– Dei kjem seg ikkje vidare. Dei treng hjelp ned. Vi har forsøkt å finne løysingar, men vi har ikkje fått det til, sa Jan Helge Kjøl i politiet til NRK Møre og Romsdal søndag morgon.

Helikopter i går kveld

Eit redningshelikopter vart sendt til Rauma laurdag kveld for å prøve å få ned klatrarane. Dei kom til staden i 23-tida, men det vart konkludert med at det var for mørkt og utfordrande å gå inn.

Sende redningsgruppe

Søndag har redningshelikoptera både på Ørlandet og i Florø vore opptatt. Florø-helikopteret er opptatt med ein annan redningsaksjon i Indre Sogn.

Politiet sa til NRK klokka 08.30 at dei ville prøve å sende folk frå Romsdal Fjellredningsgruppe til staden. Kort tid etter var dei på plass.

Mobilkontakt

Dei to klatrarane som var fast i fjellet var ein mann og ei kvinne frå Trondheim. Begge var 22 år. Politiet hadde kontakt med dei på mobiltelefon.

Store Venjetind er eit populært mål for klatrarar. Fjellet har ei høgde på 1852 meter over havet.