Hopp til innhold

– Det var veldig krevjande vinterforhold

Det seier Leik Torsteinsen om forholda mot Uranostind i går. I dag måtte fire personar hentast ned med redningsgruppe og helikopter.

Uranostind

GAV SEG: Vinterføret Leik Torsteinsen var laurdag på veg mot Uranostind. Følgjet gav seg grunna krevjande vinterforhold. Søndag måtte eit følgje på fire personar hentast ned med redningsgruppe og helikopter.

Foto: Leik Torsteinsen

Ei alpin redningsgruppe var i 13-tida framme med dei fire mennene i 20-30-åra som fekk ei ufrivillig natt i kring 2.000 meters høgde i Jotunheimen Nasjonalpark.

– Dei sat veldig ugunstig til, så no er planen å følgje dei til toppen og så ned att til 1.500 meter. Helikopteret ventar på Fonnsbu og er klar til å plukke dei opp, seier redningsleiar Eirik Walle ved Hovudredningssentralen på Sola.

Klokka 19 opplyser Hovudredningssentralen i Sør-Norge at dei fire klatrarane er nede frå fjellet etter ein 11 timar lang aksjon.

– Slitne og kalde

Mennene i 20-30-åra la ut frå Valdres laurdag morgon. I 05-tida søndag melde dei frå om at dei ikkje kom seg nokon veg grunna tjukk skodde.

Mennene gjekk seg fast om lag akkurat på fylkesgrensa til Oppland, noko nedanfor Uranosryggen.

uranostind

URANOSTIND: Uranostind ragar 2.157 meter over havet og ligg heilt på grensa mellom Luster, Årdal og Vang kommunar.

Foto: Jan R. Hansen

– Dei var slitne og kalde, men hadde med seg godt med utstyr. Eg trur ikkje dei lir noko naud, i den grad ein kan seie det på ein fjelltopp, opplyste operasjonsleiar Bengt Næss ved Vest politidistrikt i Florø.

– Heilt rett vurdering

Walle sa i 08-tida at mennene gjorde rett vurdering då dei ikkje gambla på å ta seg vidare.

– I natt var det også heilt mørkt, så det var heilt rett av dei å bli der. Ting blir lettare når det lysnar, seier Walle.

Det ligg snø på toppen og sjølv om mennene var godt utstyrte vart det ei kald natt.

– Dei har frose litt i natt, men det skal gå bra med dei.

Krevjande forhold

Leik Torsteinsen frå Bærum var ein annan som laurdag la ut mot Uranostind. Følgjet han var med i valde å gi opp målet etter ni timar på tur.

Han fortel at dei var til saman ni personar på søreggen i går ettermiddag. To nådde toppen. Torsteinsen fortel at det var overraskande mykje snø mot toppen.

– Vi trudde det var mindre snø, men snøen kom allereie på 1.4000 meter. Det var veldig krevjande vinterforhold.

Fleire gjekk seg faste

Følgjet valde å gi seg på litt over 2.000 meter.

– Vi ville ikkje nådd toppen før det vart mørkt.

Verken han eller Walle vil kritisere gruppa som i dag trengde hjelp ned att.

– For det vi veit var dei godt budde og hadde rikeleg med erfaring. Men i og med at det var vinterføre, tok alt lenger tid, seier Torsteinsen.

Dette er den andre gruppa med fjellfolk som har sete skorfaste gjennom natta. To menn i 20-åra vart søndag føremiddag henda ned frå Store Venjetind i Rauma i Møre og Romsdal.

Uranostind