Hopp til innhold

Klarte ikkje å finne løysing for musea

Etter ein langvarig strid er konklusjonen at «dialogprosjektet» ikkje har klart å finne ei løysing for musea på Sunnmøre. Forsøket på å samle musea i ei eining har stranda, og fleire museum blir dermed ståande utanfor.

Sunnmøre Museum

Sunnmøre Museum er ein stor del av stor-museet Viti på Sunnmøre. 5 mindre museum har ikkje hatt ønske om å bli med i Viti. Denne prosessen står no i stampe.

Foto: Odd Sørås / NRK

Møre og Romsdal fylkeskommune har hatt ein prosess gåande over fleire år for å samle små og store museum på Sunnmøre i ei eining. Etter fleire protestar frå dei mindre musea blei dei eksterne konsulentane Stein Sorsul og Rolf Akselsen engasjert for å legge til rette for dialog mellom kommunane på Sunnmøre, Stiftinga Viti og musea som står utanfor Viti.

Det er dette forsøket som no har stranda.

– Dette er alvorleg, og utfordrar dei med kulturpolitisk myndigheit, skriv dialogleiar Stein Storsul og Rolf Akselsen i rapporten frå dialogprosjektet, etter at prosessen ikkje vart landa.

Ytste Skotet i Storfjorden

Fjellgarden Ytste Skotet i Storfjorden er blant musea som ikkje har gått inn i Viti.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Skulle finne løysing

Storsul og Andersen fekk oppdraget etter at fylkestinget i desember 2022 bad om at fylkeskommunedirektøren skulle finne ei løysing for regionmuseet på Sunnmøre som også sikrar grunnlaget for eit lokalt engasjement og eigarskap.

Konsulentane har sidan februar gjennomført samlingar der kommunane, lokalmusea og Viti har deltatt.

– No har vi fått rapporten frå konsulentane og no må vi jobbe vidare med han. Rapporten konkluderer med at dei ikkje fann noko løysing. Det betyr at dei musea som ikkje har ønska å gå inn i Viti også gjer det pr. dags dato, seier rådgjevar for musea i fylkeskommunen, Hildegunn Haanes Ruset.

– Svekka tillit

I rapporten som no ligg føre heiter det at lange tida med konflikt og uro har svekka tilliten så mykje, at dialog har vore vanskeleg. Og dialogleiarane meiner at det både for Viti og utanformusea har vore viktigare å fremme eigen posisjon enn å sikre kulturarven si stilling.

Dette framgår av ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kulturarv utanfor Viti kan stå i fare

I rapporten blir det hevda at kulturarv som no ligg innanfor Viti er godt vareteken. Men konflikten kan føre til at kulturarven i dei små musea kan stå i fare, framgår det av rapporten.

– Utan avklaring av museumsstriden på Sunnmøre står materiell og immateriell kulturarv overfor eskalerande fare for skade, skriv Stein Sorsul og Rolf Akselsen.

Stiftinga Museum Nordvest

Fem museum som står utanfor Viti har gått saman i Stiftinga Museum Nordvest. Dette er Aalesunds museum, Dalsfjord fyrmuseum, Godøy kystmuseum, Herøy kystmuseum, Volda bygdetur, Garverimuseet og Ytste Skotet.

Vegen vidare når det gjeld organiseringa av musea på Sunnmøre skal opp på fylkestinget i Møre og Romsdal i desember.