Hopp til innhold

Klar for 24- timers i Dubai

Frå klokka 11 i formiddag sit Marius Nakken frå Ålesund klar til å køyre Dubai 24-timers.

Marius Nakken i Porche
Foto: Johan Koning Hemmerling

Motorsportutøvaren kom til oljestaten tidlegare i veka, og skal no køyre for eit tysk team. Dei andre sjåførane i teamet kjem frå Tjekkia, Frankrike og Tyskland. Desse skal byte på å køyre.

Dette teamet utgjer berre ein liten del av Dubai 24-timers, for totalt skal over 400 sjåførar vere med, i ulike klasser. Det inneber at det blir fullt på bana, der omlag 100 biler skal i sving.

Nakken uttalte til smp.no tidlegare i veka at hans team har ambisjonar om å vinne.

No får han altså sjansen til å verkeleg kome i fokus hos dei motorsport-interesserte. Men eit ukjent namn har han ikkje, sidan han har vore beste nordmann i asfaltracing i det som blir kalla NTCC-serien.

På Facebook-profilen sin fortel Nakken at før sjølve løpet så har det vore fri trening og kvalifisering. Saman med dei tre team-kameratane skal han frå klokka 11 dele på å køyre ein Porche, og altså med ambisjonar om å hevde seg i teten.

Marius Nakken på trening i Dubai

Marius Nakken førebur seg til 24-timers i Dubai.

Foto: Johan Koning Hemmerling

Ein kan følgje racet og oppdaterte resultat på www.24hseries.com/live (ekstern lenke).