Hopp til innhold

Sjå Kjell «Kjellen» kuppe kommunemøtet

Då alle formannskapspolitikarane på Sunnmøre var samla i dag, fekk dei eit overraskande besøk.

Sjå Kjell kjellen kuppe møte om kommunereform

Kjell «Kjellen» Bigset likar ikkje tanken på kommunesamanslåing.

Karakteren Kjell «Kjellen» Bigset er ferjemannen som vart bussjåfør, då ferja han jobba på vart lagt ned. I dag besøkte han møtet der formannskapsrepresentantar frå heile Sunnmøre var samla for å diskutere det nye kommunekartet. Han likar slett ikkje tanken på at kommunane skal slå seg saman.

– Eg er folkets talerøyr og eg har fortalt politikarane korleis dette skal gjerast. Fasiten er at alt var mykje betre før, rasar Bigset.

Han meiner at kommunane skal få vere slik dei er i dag.

– Volda og Ørsta har slost sidan dinosaurane døydde ut. Dei vert aldri samde om noko og dersom dei skal slåast saman, vert det verdas største galehus, meiner revyfiguren.

Han meiner at innbyggjarane heller bør starte å produsere ungar, slik at dei får eit innbyggjartal på 15-20.000 kvar og slepp samanslåing.

Forarga på besøk hos NRK

På besøk hos NRK torsdag ytra «Kjellen» sterke meiningar om korleis det blir viss ein slår saman nabokommunane Ørsta og Volda.

På besøk hos NRK torsdag ytra han sterke meiningar om korleis det blir viss ein slår saman nabokommunane Ørsta og Volda.
Høyr Kjell "Kjellen" Bigset med "Dåseduft i luften".

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL