Hopp til innhold

Slik går det når «Kjellen» drar til Syden

Alt som kan gå gale, gjer sjølvsagt det når temperamentsfulle Kjell «Kjellen» Bigset drar på ferie.

Musikkvideo frå Kjellen

Karakteren Kjell Kjellen Bigset har etter kvart blitt kjend i store delar av landet. Den illsinte ferjemannen, som vart bussjåfør fordi ferjesambandet vart lagt ned, har gjort stor suksess i sosiale medium. Tysdag vart musikkvideoen lansert, der Kjellen drar til Spania.

Sjølvsagt får han trøbbel i sikkerheitskontrollen på Vigra, og i Spania blir han dritings, får myggstikk, vert solbrent og kastar opp av sushien.

Det er bygdekomikaren Thomas Ryste som står bak karakteren. Frå starten har han brukt sosiale medium for å nå fram med sketsjane sine. Berre få timar etter at musikkvideoen vart publisert, har 90.000 sett den. Komikaren har 130.000 fylgjarar på Facebook.

– Det er valdsamt med delingar, det går den vegen vi håpa, seier Ryste. Videoen handlar om den klassiske nordmannen som drar til Syden og typiske blemmer dei gjer.

– Øla er så billeg i Spania at du kan drikke deg rik på ei lita veke, seier Ryste. Han har inngått eit samarbeid med komikar og musikar Ørjan Liavåg. I videoen nedanfor kan du sjå Kjellen lære Liavåg dansestega i musikkvideoen.

Kjell Kjellen Bigset