Hopp til innhold

– 800 kroner for ditta treet der?! Det ser jo ut som ekskjærringa mi

Kjell «Kjellen» Bigset får oppleve at det ikkje alltid lønner seg å vere ute i siste liten.

Kjell «Kjellen» Bigset

Karakteren og bussjåføren Kjell «Kjellen» Bigset frå Ørsta prøver å finne årets juletre i siste liten.

Foto: Skjermdump

I løpet av ein dag har fleire hundre tusen sett karakteren og bussjåføren Kjell «Kjellen» Bigset kjøpe juletre i siste liten. Tysdag morgon hadde videoen over 600.000 visingar på Facebook.

– 800 kroner for ditta treet der?! Det ser jo ut som ekskjærringa mi, grese og tjukt nedst, seier den temperamentsfulle bussjåføren i videoen.

Sjå heile videoen av «Kjellen» som handlar juletre nedst i saka.

Sveler i staden for julemat

Ørsta sin store son bekreftar overfor NRK at han har full kontroll på juleførebuingane, trass i ei litt utfordrande juletrehandling.

Kjell "Kjellen" Bigset

Kjell «Kjellen» Bigset har det meste klart til jul.

Foto: Eivind A. Pettersen / NRK

– Det blir ei vanleg jul for min del. Det er ikkje ein snøflekk ute, så eg har utruleg lite julestemning. Men eg skal kose meg og jobbe heile jula eg, seier Bigset.

Likevel blir det truleg ikkje servert tradisjonell julemat heime hos Kjell «Kjellen» Bigset denne jula.

– Eg skal ete nøgda med svele, for pinnekjøt får eg ein forferdeleg brystsvede av altså. Det er ingenting å stappe i kjeften for min del, seier Bigset bestemt.

– Trea skal vere ute, og eg skal vere inne

Til trass for iherdig innsatsen vart det ikkje noko juletre på Kjell «Kjellen» Bigset denne gongen. Og det er kanskje like greitt ifølgje hovudpersonen sjølv.

– Eg kjøper ikkje julegåver og eg dreg ikkje eit tre inn i huset. Eg blir så allergisk og snørrette at det ikkje er til å halde ut, buldrar det frå Bigset.

– Trea skal vere ute, og eg skal vere inne, held han fram.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL