- Etter 2,5 døgn på YouTube har videoen passert 100.000 visingar.
I den opphavlege reklamen får vi sjå ein liten gut og bestefaren i naturskjøna omgivnader, sitjande i solveggen ein sommardag. Guten masar om å få sjå bestefaren sitt trylletriks «bare én gang til», og til slutt skjer det:
Bestefaren seier hysj, gnir seg i henda og bles eit Widerøe-fly ut av henda! I realiteten er det sjølvsagt berre eit fly som kjem over fjella.
I Kjell «Kjellen» Bigset, éin av karakterane til komikaren Thomas Ryste, kjem flyet ut ved hjelp av noko heilt anna enn hender og munn.
– Vi beheld buksa på, men tek av oss hatten!
Det seier Torstein Greni i produksjonsselskapet McCann Oslo – som står bak Widerøe-reklamen med snart 1,5 million visingar på YouTube.
– Dette elskar vi, og vi er heidra over offisielt å ha blitt parodiert av sjølvaste «Kjellen», flirer Greni.
- Les også:
Saka held fram under videoen. Den opphavlege Widerøe-reklamen kan du sjå lenger nede i saka.
«Høyr! Hysj! Høyr!»
I Widerøe-reklamen masar den vesle guten i det lengste for å få sjå bestefaren sitt triks. I god jul-videoen frå Kjellen sit to damer, mellom anna kona til Ryste, og masar.
– Éin gong til ... éin gong til då!, seier dei sitjande på trappa i Hovdebygda.
– Nei, nei, repliserer Kjellen.
– Plis!, ber damene.
– Høyr! Hysj! Høyr!, seier Kjellen medan han strekker ein einsam finger i vêret.
Den etter kvart svært så kjende karakteren frå Sunnmøre gnir seg så i henda, dreg ned buksa og gnir handa over rumpa. Og vips: Eit Widerøe-fly!
– Eg bur litt nær flyplassen
Komikaren sjølv svarer hallo, etterfølgt av eit høgt flir når NRK slår på tråden. Han fortel at videoen blei publisert fredag klokka 21.00. Klokka 19.30 laurdag har videoen passert 40.000 visingar på YouTube.
– Det er eit ekte fly, men det kan hende vi har vore borti noko styr i etterkant, humrar Ryste.
Han fortel at han har sett denne Widerøe-reklamen mange gonger, og tenkt at han må lage noko humoristisk ut frå den i eit halvår.
– Eg bur litt nær flyplassen og så har eg stått og sett Widerøe-flya som kjem inn. Bestefaren i reklamen bles flyet ut, vi tok den litt lenger, fortel komikaren.
– Eg fann ut at han Kjellen har sin måte å gjere det meste på. Det blei slik, og vi kalla det «Widerøv». No går det jo heilt gale på sosiale medium.
- Les også:
Widerøe-sjef i latterkrampe
Videoen har blitt delt eit utal gonger på Facebook, Twitter og andre stadar på nettet. Den har også blitt delt av fleire på Widerøe sine Facebook-sider. Informasjonssjef i flyselskapet, Silje Brandvoll, hadde ikkje sett videoen då NRK ringde. Fem minutt seinare ringde ho opp igjen.
– Vi i Widerøe får gi følgjande kommentar, opna ho flirande.
– Dette er jo fantastisk positivt. Reklamefilmen har blitt så god og populær at folk parodierer den. Og for min eigen del flira eg veldig godt, heldt Brandvoll fram.
Latteren sat framleis godt i informasjonssjefen – som meiner komikar Thomas Ryste trefte blink.
– Men det er klart ... Alt etter kvar humor ein har, men denne var morosam synest eg.
At flyet kjem ut bakenden til Kjell «Kjellen» Bigset gjorde henne ingenting.
– Du skal kjenne reklamefilmen ganske godt for å skjønne parodien. Reklamen sit godt, noko parodien òg gjer, meiner Brandvoll i Widerøe.
Saka held fram under videoen.
Fekk ikkje fred i julegåve-shoppingen
Komikar Ryste synest det er utruleg kjekt når både show og videosnuttar slår an. Karakteren «Kjellen» fungerer som regel, ifølgje Ryste.
– Eg var ein tur på Amfi-senteret her i Ørsta og skulle handle julegåver. Det kunne eg berre drite i. Eg gjekk to meter før eg blei stoppa av folk i alle aldrar som hadde sett videoen og måtte kommentere på den, flirer Ryste.
– Eg fekk ikkje kjeft for verken bannskap eller anna, så denne har treft godt og i alle aldersgrupper. Det er ofte slik med han Kjellen, held ørstingen fram.
Komikaren fortel òg at Widerøe-tilsette han har prata med synest videoen var hysterisk. På Facebook var tilbakemeldinga endå betre.
– Einkvan skreiv til meg der at dei kom til å leve 50 år lenger enn normalt etter dette. Dersom folk ser på humoren min som blå resept, så har eg nådd dit eg vil. Det er det humor handlar om, ein skal kunne le av det meste, seier Ryste.
På YouTube-kanalen sin legg komikaren ut fleire videoar i løpet av året. Den mest sette rundar snart 1,5 millionar visingar.
– Det kjem endå fleire videoar der, det kan eg love det. Og eg skal ikkje gi meg før eg er 90 år, humrar Ryste.
- Les også:
«Meget god jul!»
I parodien er Kjellen svært fornøgd etter å ha trylla fram eit Widerøe-fly, og tilskodarane er like fornøgde.
– God jul. Meget god jul! Frå sjølvaste Kjell «Kjellen» Bigset. Sånn, ikkje meir mas i år, seier han til kamera og tilskodarane.
Ryste sjølv ønskjer sjølv god jul mot slutten, noko Brandvoll i Widerøe òg følgjer opp med. Greni i McCann Oslo, som produserte Widerøe-reklamen er ikkje verre. I tillegg seier han at dei kanskje slår på tråden til Kjellen før neste reklameninnspeling.
– Du skal ikkje sjå bort ifrå at vi ringer Kjellen neste gong vi skal ein magisk Widerøe-film, avsluttar Greni.