Tiltaka er iverksett for å avgrense epidemien og for å sikre at utsette personar får nødvendig undersøkjing og behandling. Aasen varslar no alle tilsette ved skular og barnehagar om epidemien.
Smittar mellom menneske
Kikhoste er ein bakterieinfeksjon i luftvegane. Den smittar frå menneske til menneske. Den er mest smittsom første sjukdomsveke. Etter tre vekers sjukdom reknar ein med at ein person ikkje lenger er smitteførande. Symptoma startar med forkjøling, feber, hoste, for så å gå over til sterk hoste som varer lenge, til dels i mange veker, og særleg hos barn karakteristisk kiking. Kikhoste kan behandlast med antibotika.
Vaksine
Barn mellom 0-2 år vert vaksinert mot kikhoste gjennom DPT-vaksina. Denne gir eit godt vern mot kikhoste dei første leveåra. Vaksinasjonsdekkinga i landet er ca. 95 prosent. Den same dekkinga gjeld for Herøy, opplyser kommunelegen. Dei fleste små barn er difor heilt eller delvis vaksinerte.
Råd frå legen
1.Oppsøk lege dersom du har mistanke om at du sjølv eller barnet har kikhoste.
2.Barn som ikkje er fullvaksinerte eller som ikkje er vaksinert, bør vaksinerast. Ta kontakt med helsestasjonen for rådgjeving.
3.Små barn som ikkje er vaksinerte kan få forebyggande behandling med antibiotika når det er klart at dei er nærkontakt til person med kikhoste. Nærkontakt er i familier, i barnehage og skule/klasse. Ta kontakt med lege eller helsesøster om du er i tvil.
4.Barn som er vaksinerte eller vaksne skal ikkje ha behandling før dei har symptom på kikhoste.
5.Har barnet kikhoste er dei smitteførande dei 5 første dagane etter behandlingsstart. Disse skal difor ikkje vere i barnehage eller på skule dei fem første dagane av behandlinga. Det same gjeld vaksne personar som arbeider saman med andre.