Hopp til innhold

Kan risikere bot for manglande rapportering

Reketrålaren Arctic Swan har lagt til kai Kirkenes, etter den vart tatt inn til kontroll førre veke. Båten skal ikkje ha rapportert fisk dei hadde med seg over grensa til Russland.

Arctic Swan

FRAMME I KIRKENES: Båten Arctic Swan i Kirkenes for å reparere motoren.

Foto: Stig-Robert Holsæker / Remøy Rederi

Arctic Swan fekk motorproblem seint tysdag 26. mars, og var på veg ut av russisk sone då dei vart teken inn til kontroll. Sidan har båten lege til kai i Murmansk.

Arctic Swan på veg frå Murmansk til Kirkenes

PÅ VEG TIL NOREG: kartet viser bevegelsane til Arctic Swan, då dei er på veg til Kirkenes.

Foto: Skjermdump Marine Traffic

– Når du skal ut av russisk sone så må du melde deg på eit sjekkpunkt, og då kan ein risikere og bli teken inn til grundigare kontroll. Det var det som skjedde her, seier Maråk.

Båten skal ha hatt med seg fisk som dei hadde fiska i norsk farvatn inn i russisk sone. Denne fangsten hadde ikkje blitt rapportert ved innsegling. Dette risikerer reiarlag og skipet bot for. I går, fredag var saka oppe til behandling i retten i Murmansk.

– Saka var oppe i ein domstol for å vurdere ei eventuell bot, men båten har ikkje drive ulovleg fiske, seier Maråk.

Båten fekk forlate Murmansk klokka 01.00 natt til laurdag, og er no framme i Kirkenes der den skal på reparasjon. Maråk opplyser at ingen lovbrot har blitt avdekt.

Takkar for hjelpa

Skipper om bord Arctic Swan, Gert Sandvik, takkar for all hjelpa dei har fått.

– Eg vil rette ein stor takk til Noregs generalkonsulat i Murmansk, for uvurderleg bistand under opphaldet i Murmansk, seier Sandvik.

FSB: – Ulovleg rekefiske

Trålane hadde vore på fiske i berre nokre få dagar då dei fekk motorproblem. Om bord i båten var eit mannskap på 17 personar.

– Desse skal ha takla situasjonen veldig bra, seier Maråk.

Arctic Swan

Sporing via Marine Traffic viser at trålaren vart tatt med inn til Murmansk sist veke.

Foto: Skjermdump Marine Traffic

Tidlegare denne veka melde The Barents Observer at det russiske sikkerheitspolitiet FSB meinte at Arctic Swan hadde drive med ulovleg fiske i russisk farvatn og dermed braut reglane for russisk fiske.

Ifølgje The Barents Observer så skal Arctic Swan ha vore i gang med rekefiske ved Ajonovskijøyene, nær Fiskarhalvøya, då dei vart stoppa. Området ligg nær den russiske grensa i eit område som regelmessig blir nytta til militær aktivitet.

– Kjenner seg ikkje igjen

Det er ein versjon interesseorganisasjonen Fiskebåt, som uttalar seg på vegner av Remøy Rederi, ikkje kjenner seg igjen i.

Audun Maråk

Audun Maråk, administrerande direktør i Fiskebåt.

Foto: Fiskebåt

– Fartøyet hadde lov til å fiske i russisk farvatn, sa Audun Maråk, administrerande direktør, til NRK onsdag.

Han meiner det heller er snakk om formalfeil.

– Eg vil understreke at eventuelle brot er meir av administrativ art enn lovbrot, seier Maråk.

Samstundes peikar han på behovet for betre dialog mellom norske og russiske myndigheiter.

– Under kontrollen vart skipper stilt spørsmål og presentert for eit regelverk som viser at det er behov for langt betre informasjonsutvikling. I dag er det russisk rulett for norske fiskarar å fiske norske kvotar i russiske farevatn, seier han.

Båten har fått løyve til å segle vidare, i påvente av dommen frå russiske myndigheiter om kva som faktisk har skjedd.

Reiar i Remøy, Einar Jan Remøy, har tidlegare uttalt at i den grad det er gjort ein formalfeil, så vil reiarlaget ta ansvar for det. Arctic Swan blir drifta frå Alta, men er eigd av Remøy Rederi på Sunnmøre.

Artic Swan

Arctic Swan vart bygd ved Solstrand Verft i Tomrefjord i 2002. Skroget er bygd ved Celik Tekne Shipyard i Istanbul i Tyrkia.

Foto: Harald M. Valderhaug

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL