NRK Meny
Normal

Vart slått og sparka i oppveksten- gjekk til sak

BERGEN/ÅLESUND: Då mobbesaka hans gjekk for retten, braut Glen Børge Løset Flø saman. No er han klar for ankesaka, og anbefaler mobbeoffer å ta saka si til retten, trass belastninga.

Glen Børge Løset Flø

Glen Nørge Løset Flø vart mobba på barneskulen. Han tok saka til retten og meiner det var ein befrielse å bli trudd. Ulstein kommune har anka saka.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Det regnar som vanleg i Bergen, men dei våte dropane gjer Glen Børge Løset Flø (29) ingenting. Nedbør er han vand med. I oppveksten hans på Sunnmøre vart han mobba og trakassert, og det har sett djupe spor. Psykologen har gitt han diagnosen posttraumatisk stressyndrom.

– Eg vart dytta på isen på barneskulen slik at eg braut handa. Eg kunne ikkje gå på fritidsaktivitetar utan at eg vart utsett for ei eller anna form for spark eller slag, fortel Flø.

Gjekk til rettssak

Skulen var klar over at Flø vart plaga av medelevar og sette inn fleire tiltak, men fekk ikkje slutt på mobbinga. Flø klarte ikkje fullføre vidaregåande før han vart vaksen og har slite med speleavhengigheit.

Etter å ha lest om posttraumatisk stressyndrom og mobbing, bestemte han seg for å gå til rettssak mot Ulstein kommune.

– Eg har ein son, som eg skal ta vare på resten av livet. Eg vil ikkje at han skal lide fordi eg har problem med å fungere i ein arbeidssituasjon, seier 29-åringen, som er student i Bergen. Han stod først fram med historia si i Sunnmørsposten. (krev innlogging)

Godt å bli trudd

I november 2016 vart kommunen dømt til å betale nærare 2 millionar kroner i erstatning. Dei anka, og saka kjem opp i lagmannsretten neste veke.

– Eg er ikkje redd for ei ankesak med så sterk dokumentasjon som eg har, seier Flø.

Han trur kommunen ankar både for at det skal verke avskrekkande på andre mobbeoffer og for at erstatninga skal bli lågare. Ordførar i Ulstein, Knut Erik Engh (Frp) avviser at dette er årsaka til anken.

– Vi ankar fordi vi meiner dommen er feil og at Ulstein kommune blir gitt eit langt større ansvar enn vi har, seier Engh.

Flø veit at det blir ei psykisk belastning med nok ei runde i rettssalen. Sist gong sleit han i fleire veker etter saka. Han klarte ikkje møte opp på skulen og det gjekk ut over eksamen. Likevel anbefaler andre mobbeoffer om å gå rettens veg.

– Det var ein befrielse at nokon kunne innrømme at det har skjedd noko vondt med deg, seier Flø.

– Ikkje la det ligge

Professor Erling Roland

Professor Erling Roland er ekspert på mobbing. Han meiner mobbeoffer bør vurdere å prøve saka for retten.

Foto: Andreas Sundby / NRK

Han får støtte frå mobbeekspert Erling Roland, som er professor i pedagogisk psykologi ved Universitetet i Stavanger. Roland meiner at dei som er sikre på at dei har blitt mobba i oppveksten og har blitt skadd av det i ettertid, absolutt bør vurdere rettssak.

– Ein bør ikkje la dette ligge, sjølv om det er ei nokså stor belastning å gjennom dette apparatet, seier Roland.

I 2012 vart ein norsk kommune for første gong i historia kjent ansvarleg for mobbing i skulen i Høgsterett. Roland meiner dommen frå Kristiansand, har hatt enorm betydning for andre.

– Før den dommen var det svært sjeldan at det var mobbesaker i rettsapparatet. No er det fleire. Dommen har senka terskelen og gjort folk meir medvitne, seier Roland.