Hopp til innhold

Kan få europeisk museumspris

Rindal skimuseum er som einaste norske museum foreslått til The European Museum of the Year Award for 2017. Dette er Europas mest prestisjefylte og lengstlevande museumspris.

Skimuseum Rindal

Skimuseet i Rindal ligg vakkert til i bygda og har spennande og rike samlingar av ski og utstyr og gjenstandar i tilknyting til skisporten.

Foto: Terje Reite / NRK

Det er nettstaden Trollheimsporten som melder dette.

Prisen blei oppretta i 1977 for å oppmuntre til nyskapande prosessar i blant museum som inntil då hadde vore prega av eit tradisjonelt syn med einsidig fokus på gjenstandssamlingar.

For å vere aktuell til ein slik pris, må museet enten vere nyetablert eller ha vore vesentleg modernisert dei siste to åra.

Skimuseet Rindal

Museet har ei eiga samling med skisko som har vore med på store og små bragder.

Foto: Terje Reite / NRK

Det var leiar i Norsk museumsorbund, Liv Ramskjær som oppmoda Rindal skimuseum om å sende inn søknad for 2017. Søknaden blei skriven og fredag 19. august fekk museet besøk av eit av jurymedlemmene, Kimmo Antila.

Neste steg er at nokre av søkarane blir nominerte. Dette skjer i november.

Det er berre eitt norsk museum som har fått denne prisen før. Det var Alta museum i 1993, melder Trollheimsporten.

Skimuseet Rindal

Her finn du ski som har vore med i meisterskap langt tilbake i tid.

Foto: Terje Reite / NRK