Knut Baardset tek rapporten med knusande ro (Foto: Gunnar Sandvik)
Det viser ein rapport som er laga av Telemarksforskning.
Aure på botn
Aure på Nordmøre kjem dårlegast ut av alle kommunane i landet i rapporten som har målt talet på nye føretak i perioden 2000-2004, men ordførar Knut Baardset er ikkje særleg uroa av den grunn.
Seks av ti
I rapporten frå Telemarkforskning som er gjengitt i magasinet Økonomisk rapport, er seks kommunar i fylket på ti-på botn lista over nyetableringar i landet. I tillegg til Aure kjem også Sula, Stranda, Sande, Sykkylven og Frei på lista over kommunar med færrast nye føretak.
Torill Ytreberg
– Ikkje reelt
Regiondirektør i NHO,Torill Ytreberg, meiner raporten ikkje gir eit reelt bilete av situasjonen no, sidan næringslivet har oppgangstider.