Eikesdal skule (Foto: Gunnar Sandvik)
- Vi er kjempeglade, seier Øyvind Lillebostad, leiar i Foreldreutvalet ved Eikesdal skule. - Dette er heilt utruleg. Vi fekk faktisk eit samrøystes kommunestyre til å oppretthalde Eikesdal skule som han er i dag, seier Lillebostad til NRK Møre og Romsdal.
Julegave
Formannskapet foreslo å flytte mellomtrinnet ved skulen til Eresfjord, men kommunestyret sa nei.Leiar i foreldreutvalet ved Eikesdal skule, Øyvind Lillebostad, seier dette var den beste julegåva bygda kunne få.
- Dette har vore tøft og det har vore påkjenningar, seier Lillebostad. Vi har kjempa og brukt mykje tid på dette, og når vi no føler gleda over vedtaket som blei gjort, føler vi at det var verdt det, seier han.
Rasfare
Dersom elevane måtte ut av bygda, ville det ha ført til at elevane måtte fraktast langs den svært rasfarlege Eikesdalsvegen.
Vistdalelevar må ut
Vedtaket i Nesset inneber at ungdomsskuleelevane i Vistdal blir flytta til Eresfjord. Rektor ved Vistdal skule, Odd Wågbø, meiner dette er uheldig.
- Vi fryktar at i neste omgang kan mellomtrinnet stå for fall. Dersom ungdomsskuleelevane no skal køyrast til Eresfjord, kan det bli fristande å la også mellomtrinnet følgje med, seier Wågbø.
Framtid for bygda
- Dersom dette blir tilfelle kan vi risikere at det blir lita tilflytting til bygda. Kven vil flytte til ei bygd der barna må sendast ut for å gå på skule, seier Wågbø til NRK Møre og Romsdal.
Kutta som politikarane i Nesset gjer i 2005-budsjettet, kjem til å ha ein halvårs effekt på 10 millionar kroner.
Ordførar Kasper Mittet kallar kutta dramatiske og seier dette går utover tenestetilbodet.
Kommunestyret i Nesset held fram budsjettbehandlinga i dag.