Hopp til innhold

Kaotisk i Terminalen ti dagar før opning

Dei som står bak den nye Terminalen Byscene i Ålesund står no på for fullt for å bli klare til opningskonserten i neste veke.

Byscena i Ålesund

Terminalen Byscene i Ålesund skal ha sin første konsert allereie om ti dagar.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Steffen Kjevik - daglig leder Terminalen Byscene

Steffen Kjevik er sikker på at dei blir klare til opninga om ti dagar.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Mange må trå til for at Terminalen Byscene skal bli klar til opningskonserten 9. april. Det fører med seg litt kaos, men dagleg leiar Steffen Kjevik lovar at dei er i rute.

Elektrikarane fortel om lange kveldar og mykje arbeid på kort tid. Men innan ti dagar skal alt vere klart.

– Å ikkje ha opning er ikkje eit alternativ. Her blir det fest 9. april, seier Kjevik.

– Ein arena for alle

Det meste vil bli klart til opningskonserten med Highasakite. Flisleggaren har berre litt igjen før det blir påskeferie.

Til no er det 12 konsertar som er booka for i år i. I løpet av året kan det bli ein i veka, men den nye scena skal vere så mykje meir.

– Det blir ikkje berre konsertar, men også humor, teater, boklanseringar, politiske debattar. Det skal vere ein arena for all mogeleg slags aktivitet.

Dei som står bak den nye Terminalen Byscene i Ålesund arbeider no på spreng for å bli klare til opningskonserten i neste veke. Og det er MANGE som må trå til.

Vi har tekniske problemer med distribusjonen av video. Det kan derfor hende at denne tv-saken ikke kan spilles av i perioder. Vi beklager det.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL