Hopp til innhold

Jobbar med tiltak

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) seier at Nærings- og fiskeridepartementet og fiskerimyndigheitene kontinuerleg jobbar med å førebygge fiskerikriminalitet og å følgje opp tilrådingar frå fiskerikontrollutvalet.

Politi, Kystvakt, Økokrim, Fiskeridirektoratet og Skatteetaten aksjonerte denne veka mot fiskerinæringa i Troms og Møre og Romsdal. Politiet har sikta fleire personar og selskap som ein del av etterforskinga.

– Eg ønsker ikkje å kommentere den konkrete aksjonen, og uttalar meg på generelt grunnlag. La meg òg vere tydeleg på at dei fleste aktørane i fiskerinæringa er lovlydige og dyktige arbeidsfolk. Men vi veit godt at nokre useriøse aktørar utnyttar næringa. Vi jobbar med fleire tiltak for å verne alle aktørane som driv lovleg og dei viktige ressursane i havet, seier Skjæran til NRK.

Noko av det politiet etterforskar er feilrapportering av fisk. Skjæran trur ikkje at det skuldast at kvoteordningane er for dårlege.

– Eg meiner hovudårsaka er at det er for enkelt og at det er store pengar å tene på å bryte lova. Fiskerimyndigheitene treng betre kontrollmekanismar. Derfor gjennomfører vi ei omfattande reform av fiskerikontrollen. Vi ønsker ein ressurskontroll som gjer det «lett å gjere rett».

Bjørnar Skjæran-Havoppdrett-Trænabanken
Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL