Det opplyser Lars Olav Lund som er ansvarleg for kartlegginga her i fylket.
Tapstala truleg større
Fristen for å søke om erstatning for rovviltskadar er 1. november. Dei reelle tapstala er truleg langt større enn dei 179 som er meldt
Det er jerv som står for flest rovviltskadar.
inn til Statens naturoppsyn, men for å få erstatning må drapet vere utført av eit freda rovdyr.
I fjor vart det betalt ut erstatningar på 2,1 millionar kroner og også då var det jerven som herja mest.
Ein slagbjørn i Sunndalsfjella har truleg teke 15 sauer. (Illustrasjon)
Slagbjørn
Men i sommar er det ikkje berre jerven som har vore farleg for sauer på beite. Ein slagbjørn herja i Sunndalsfjella og gjorde stor skade. Truleg har han teke livet av 15 sauer, ifølgje Lund.
Laushundar uroar
Lund ser også ein aukande tendens til at hundar fører til skader på beitedyr. I år er det åtte skadar som truleg skuldast laushundar, noko som uroar Lund.