Hopp til innhold

Jegerar vil skyte fleire hjortar for å hindre matkrise for skogsdyra

Den tørre vinteren har ført til brunsvidd lyng og vegetasjon i skogen, og dyra må kjempe mot kvarandre for å få nok mat.

Hjort

Auka jakt på hjorten kan vere eit verkemiddel for å hindre matkrise for skogsdyr og fuglar til vinteren.

Foto: Marie Roksund / NRK

Åsa Fredly i Jeger- og fiskerforbundet

Brunsvidd lyng etter den tørre vinteren kan føre til tøff kamp mellom dyra om beite, fryktar Åsa Fredly i jeger- og fiskarforbundet i Møre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Dyr og fuglar slit med å finne nok mat i skogen og i fjellet. Åsa Fredly i Jeger- og fiskarforbundet meiner at ein bør vurdere å auke fellingskvoten på hjort for å hindre ei fôrkrise.

– Auka uttak av hjort kan vere eit verkemiddel for å rette på situasjonen. Viss vi ikkje gjer det kan vi risikere at mange dyr ikkje klarer å overleve, seier Fredly som fryktar at dyra ikkje får nok næring.

Lyng og einer er svært viktig for at skogsdyr og fugl skal ha nok mat om hausten og vinteren.

Tøff kamp

Den norske skogen er brunsvidd over heile landet, men skogen på indre Nordmøre er kanskje den som er mest ramma. Konsekvensane av dette kan vere store.

– Løysinga kan vere å skyte fleire hjortar. Då kan vi unngå matmangelen, seier Fredly.

Ho meiner at det kan vere vanskeleg å finne ei løysing for skogsfuglen.

– Det einaste som kan hjelpe er å ikkje skyte så mykje fugl, slik at der er igjen nok til den komande sesongen.

Fredly veit ikkje om det blir ei matkrise, og difor må ein overvake dyra fram til hausten. Ho håper at det er liv i røtene til plantane, og då kan det kome nye skot i løpet av våren og sommaren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL