Hopp til innhold

Har funne over 1000 år gammalt skip

Eit skip som truleg er frå vikingtida eller eldre er funne ved hjelp av georadar i Smøla kommune.

GEORADAR: Det over 1000 år gamle skipet er funne på Edøy i Smøla kommune.

– Dette er eit funn som har både nasjonal og internasjonal betydning, seier klima- og miljøminister, Ola Elvestuen (V).

Det er arkeologar frå Møre og Romsdal fylkeskommune og Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) som har avdekka spor av eit skip på Edøya i Smøla kommune.

Georadaren framfor Edøy Kirke på Smøla

Georadaren framfor Edøy kirke på Smøla.

Foto: Manuel Gabler / NIKU

– Stort ansvar

Oppdaginga skjedde som ein del av kartlegginga av Edøy, gjennom prosjektet Ein bit av historia, leia av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ola Elvestuen

Ola Elvestuen (V)

Foto: Kristian Elster / NRK

– Skipet er viktig for vår felles historie. Noreg og Møre og Romsdal har eit stort ansvar i å forvalte funnet. No må vi må finne den rette måten å behandle det på, seier Elvestuen i ei pressemelding.

Edøy ligg ved skipsleia til Trondheim, der Harald Hårfagre utkjempa to sjøslag like ved, nær øya Solskjel, for å vinne kongemakta i Noreg på slutten av 800-talet. Området er svært rikt på kulturminne, mellom anna Kulisteinen, der namnet «Nóregi», for først gong er nemnt i norske kjelder, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i pressmeldinga.

– Det er for tidleg å seie noko sikkert om dateringa av skipet, men vi veit at det er meir enn 1000 år gammalt, seier arkeolog og avdelingsleiar i NIKU, Knut Paasche, som også har doktorgrad på vikingskip.

Vikingskip Edøy Smøla

Det er arkeologar frå Møre og Romsdal fylkeskommune og Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) som har avdekka spor av eit skip på Edøya i Smøla kommune.

Foto: Illustrasjon / NIKU

Ikkje tilfeldig funn

Fylkesordførar Tove-Lise Torve er oppglødd over funnet, som ho meiner er ein av gevinstane av fylkeskommunen si satsing på kulturarv og kulturformidling.

Tove-Lise Torve

Tove-Lise Torve (Ap)

Foto: Roar Strøm / NRK

– Dette er ikkje eit tilfeldig funn, men eit resultat av systematisk arbeid i forskings- og utviklingsprosjektet “Ein bit av historia”. Edøy er ein av nøkkelstadane langs Kystpilegrimsleia, og her har vi planlagt å etablere eit regional kystpilegrimssenter for fylket vårt og Trøndelag. Funnet seier oss at vi har valt den rette plassen, seier Torve i pressmeldinga.

Smøla har jobba med digital formidling i fleire år og vore ein viktig drivkraft i samarbeidsprosjektet, opplyser fylkeskommunen.

– Oppdaginga er heilt unik og på linje med Tuneskipet. Dette er eit fantastisk funn som understreker kor sentral posisjon denne øya har hatt i historia, seier Arve Nytun, arkeolog i fylkeskommunen, som leia arbeidet fram til funnet.

Skipet på Edøya i Smøla

Geologane seier teknologien var avgjerande for å finne skipet, og at dei truleg kjem til å finne meir framover ved hjelp av ny teknologi.

Foto: Manuel Gabler / NIKU

Teknologisk kvantesprang

Det var Norsk institutt for kulturminneforsking som utførte undersøkinga med georadar etter oppdrag frå fylkeskommunen og Smøla kommune.

– Restane etter Edøyskipet blei oppdaga rett under dyrkingsjorda der det tidlegare har vore ein gravhaug. Gravhaugen er ein markert sirkel på 18 meter diameter. Midt i haugen kan ein sjå ein tydelig 13 meter lang kjøl, men totalt kan skipet ha vore 16 - 17 meter langt. Grava er truleg frå merovingertida eller vikingtida, seier Knut Paasche i NIKU i pressemeldinga.

Edøy kirke sett frå georadaren til NIKU

Edøy kirke sett frå georadaren til Norsk institutt for kulturminneforsking. Skipet ligg ved skipsleia til Trondheim.

Foto: Manuel Gabler / NRK

Det er om lag eit år sidan Gjellestadskipet var funne i Halden, med same metode.

– Dette er utruleg spanande. Igjen er det teknologien som gjer at vi finn eit. Eg trur vi kjem til å finne meir i tida framover, sidan teknologien held fram å ta kvantesprang, seier Paasche.