Hopp til innhold

Hadde vikingsverd i garasjen i to år

Då Heidi Vike og mannen laga seg ny åker dukka det opp noko i jorda. Heidi meinte det var skrot, men mannen fekk seg ikkje til å kaste den rustne gjenstanden. Heldigvis.

Bjørn Ringstad, fylkeskonservator i Møre og Romsdal fylkeskommune, held eit sverd funne på øverås i vestnes kommune. Arkeolog Signe Marie Midtgård og Heidi Vike ser på.

ARKEOLOGBESØK: Det var spent stemning då fylkeskonservator Bjørn Ringstad og arkeolog Signe Marie Midtgård fekk sjå kva Heidi Vike hadde hatt liggande i garasjen i over to år.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Eg trur nesten ikkje det kan vere sant. Eg har trudd det var noko skrot heile tida, men no skal han få sjå på det og bedømme, seier Heidi Vike smilande.

Mannen som skulle få sjå «skrotet» er fylkeskonservator i Møre og Romsdal, Bjørn Ringstad.

Det heile starta med at Heidi og mannen, Kai Grønningsæter, ville lage potetåker av ein flekk i hagen. Under arbeidet drog plogen opp ein rusten metallgjenstand frå jorda.

Kai kom opp til huset for å vise Heidi kva han hadde funne.

– «Eg trur det er eit sverd», sa han.

Men kona var ikkje lett å overtyde.

– Eg har vakse opp på gard og veit at ein kan finne restar av gamal reiskap i jorda, så eg trudde det var ein bit av ein plog.

Dermed stilna entusiasmen. Kai trudde kanskje ikkje heilt på kona sin konklusjon. Han pakka i alle fall gjenstanden fint inn i eit handkle og la den i garasjen. Der vart han liggande i to år.

Heidi Vike og Bjørn Ringstad på funnstaden av eit vikingsverd

Heidi Vike viser kvar dei hadde potetåker for to år tilbake.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Respons på Facebook

I Vestnes kommune er det mange spor frå eldre tider, og i nærområdet ligg fleire gravrøyser.

For nokre dagar sidan hadde Heidi besøk av søskenbarnet sitt. Dei snakka om historie og ting som er funne i området.

– Då kom eg på det. Eg fortalde henne at vi har noko ned i garasjen som Kai trur er eit sverd.

Søskenbarnet oppmoda ho til å legge ut bilde av gjenstanden på Facebookgruppa Arkeologi i Møre og Romsdal.

– Då gjekk det berre to minutt til eg fekk svar frå fylkeskonservatoren om at det kunne vere eit gravfunn frå vikingtida. Eg kunne ikkje tru det, seier Vike.

Bjørn Ringstad held vikingsverd funne på Øverås i Vestnes.

Gjenstanden er over 40 cm lang. Fylkeskonservator Bjørn Ringstad anslår at det har vore omtrent ein halvmeter lengre i vikingtida

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ingen tvil

Nokre dagar seinare sto fylkeskonservator Bjørn Ringstad på tunet saman med to arkeologar.

– Det er eit sverd. Det kan eg seie heilt sikkert. Ein ser det tydeleg på hjaltet som går på tvers av bladet. Truleg er det frå 800-talet, seier Ringstad.

Bjørn Ringstad og sverd. Øverås, vikingsverd

Bjørn Ringstad er ein av dei fyrste som har halde sverdet i hendene på over 1000 år. Like i nærleiken er det nyleg funne spor av jarnutvinning, så sverdet kan vere laga i Vestnes, ifølgje Ringstad.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Det utruleg å høyre det. Det kitlar i magen og kjennest surrealistisk. Det er nesten flaut å seie at det har lege i garasjen i to år, seier Vike.

Ringstad har over 40 års erfaring med arkeologi og kulturvern. At slike ting dukkar opp er ikkje kvardagskost.

– Å finne eit slikt sverd i sin eigen hage er heilt spesielt. Det er funne nokre sverd frå vikingtida i Noreg, men det går langt tid mellom kvar gong, seier Ringstad.

Sverdet var eit stasvåpen, og arkeologen trur det må vere ei grav på staden.

– Det er sannsynleg at det ligg meir her. Eit sverd var ikkje noko som ein berre mista. Truleg er det lagt ned i ei grav. Kanskje ligg det fleire våpen og reiskapar like under oss.

Så det er nok ikkje siste gong familien Vike-Grønningsæter får besøk av arkeologar. No er i alle fall sverdet ute av garasjen og i trygge hender.

Bjørn Ringstad og Heidi Vike med sverd.

Fylkeskonservatoren og Heidi vike på funnstaden. No vert sverdet sendt til NTNU i Trondheim for analyse og konservering. Då kan det vere ein finn dekor eller andre merke på hjaltet.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK