Både høgdeskrekken, klaustrofobien og frykta for mørket har blitt sett på prøve i jakta på det perfekte blinkskotet.
Sjølv beskriv Anne Marthe Vestre Berge det som skrekkblanda fryd.
– Eg likar jo ikkje mørke plassar, spindelvev eller å finne dyr og insekt, verken levande eller døde.
Men lysta til å dokumentere er sterkare enn frykta for kva ho kan møte på.

Jaktar på skjulte skattar

Det knirkar i golvet idet Anne Marthe Vestre Berge tek dei første skritta inn i lokala til Hjellens Notbøteri på Sunnmøre.

Dei siste åra har det å finne og vise fram gløymde og gøymde plassar stått i fokus for fotografen.

Utanfor er det heilt stille.

Det einaste ein høyrer er fuglekvitter og den roande lyden av sjøen som treff fjøresteinane.

Tåka ligg lågt nede i fjella, noko som er med på å skape ei mystisk ramme rundt det heile.

Anne Marthe kjende sommarfuglane i magen allereie før nøkkelen blei vridd rundt.

No er ho er spent på kva ho vil finne denne gongen.

Det er 40-årsgåva ho fekk av venninnene som har æra for at fotointeressa skaut fart. Då fekk ho eit kurs med ein lokal fotograf, der ho lærte å ta bilde i mørket.

– Etter det blei eg skikkeleg biten av basillen.

Så ser ho gjennom linsa og ein høyrer klikkelyden frå kameraet.

No, nesten ni år etter kurset, har det å ta bilde av dei skjulte skattane blitt ein stor del av livet hennar.

– Eg er så nysgjerrig på plassar som berre står der og ikkje er i bruk lenger. Korleis det ser ut og kva som skjuler seg på innsida.

Anne Marthe vil fortelje historia om det som ein gong var.

Å finne og vise fram desse historiske plassane har blitt ein stor del av drivkrafta hennar.

– Ved å ta bilde av dei kan ein ta vare på det som var, sjølv om bygga skulle bli rive eller forsvinne. seier ho.

Fotografen har besøkt fleire stadar som mange har eit forhold til.

Arbeidsplassar som tidlegare har husa hundrevis av arbeidarar.

Gjennom bilda gir ho både unge og gamle ein sjanse til å oppleve det som ein gong var.

– Nokre har jobba der sjølv og synest det er stas å sjå det igjen.

Ein av desse plassane er Hjellens Notbøteri, som laga og reparerte fiskegarn og nøter.

I dag er det berre utstyret som står igjen, men på 1930–60-talet var det full aktivitet i desse lokala.

Dette er det siste intakte notbøteriet frå den tida på Sunnmøre. Eitt av få på landsbasis.

På veggane er det teikningar av dei som den gong jobba der.

Bilde frå produksjonen på den tida finst det få av.

Men blyantstrekane på veggen viser eit glimt av historia til plassen og personane som heldt hjula i gang.

Ved å fange det på film sørgar Anne Marthe for at dette lever vidare, sjølv om teiknestrekane skulle falme i framtida.

– Eg vil at folk skal sjå det vakre i gamle og «stygge» ting.

Når Torgeir Hjellen fortel om historia til notbøteriet følgjer Anne Marthe nøye med.

Bedrifta blei starta i 1932 av bestefaren til Torgeir.

No står dei i det som ein gong var kontoret hans.

Stemplingsautomaten frå 40-talet står ved inngangspartiet til ein av dei store arbeidssalane i bygninga.

– Kvar mann hadde sitt kort og her stempla dei seg inn og ut kvar dag, fortel Torgeir Hjellen og peikar.

Torgeir har mange gode minner frå oppveksten og dagane på notbøteriet.

– Å få kome ned hit som barn og oppleve alt som skjedde var noko heilt spesielt. Kvar dag etter skulen heiv eg frå meg ryggsekken og sprang hit. Og her var vi til seint på kveld.

Notbøteria var ein svært viktig del av fiskerinæringa i Noreg på slutten av 1800-talet til midten av 1900-talet.

Langs heile kysten kunne ein finne desse.

Ei not er ein av dei eldste fiskereiskapane vi har her i landet. Denne blei brukt til å stenge fiskane inne.

På slutten av 1950-talet kom dei første nøtene av nylon. Desse var mykje sterkare enn dei tradisjonelle nøtene som var laga av bomull, og tolte dermed meir.

Etter kvart blei både fiskebåtane og nøtene større.

Både vekta og lengda på dei nye nøtene skapte problem for dei gamle nothenga, som var byggverket der nøtene blei tatt i land eller om bord i båtane igjen.

Behovet for reparasjonar blei også mindre og nøtene av kunstfiber trengde heller ikkje å tørke på same måte som dei av hamp eller bomull.

Det betydde etter kvart slutten for mange notbinderi, mellom anna Hjellens.

Og i 1975 var det slutt.

– Broren min jobba ut arbeidsveka, så låste han døra og gjekk herifrå. Sidan har det stått slik, fortel Torgeir.

Mange av nothenga langs kysten er no borte, men nokre har også blitt bevart og restaurert.

«Hjellen-henget» her blei freda for nokre år sidan.

Torgeir er han glad for at historia til Notbøteriet kan leve vidare, også gjennom bilda til Anne Marthe.

– Historia til Ålesund og Sunnmøre er ingenting utan fiskeri.

Samtidig som Anne Marthe leitar etter dei skjulte plassane har det også vore viktig for ho å lære meir om kva det ein gong var.

Til dette har ho fått god hjelp av lokalhistorikarane Jan Olav Flatmark og Einar Gustafsson.

Denne dagen er det Einar (74) som har fått æra av å bli med.

For han har det vore eit friskt pust å ta følge med fotografen på mange av dei gløymde plassane rundt omkring i Ålesund.

– Det har vore eit eventyr. Når ho ringer så veit eg at det er artige ting på gang. Eg blir lykkeleg i hjartet mitt når eg får oppleve slike ting, seier Einar.

Einar meiner at prosjektet til Anne Marte er viktig for å vidareføre historia.

– Det seier noko om bakgrunnen til ein plass og kvar ein kjem frå. I desse bjelkane og i golvet ligg det masse historie, seier Einar og ser seg rundt på notbøteriet.

Anne Marthe ser gjennom linsa på kameraet. Så høyrer ein fleire klikkelydar.

– Når eg ser slike ting blir eg heilt forelska. Det er så fine fargar!

Ho har bevegd seg opp på loftet av notbøteriet. Det mørke loftet blir svakt lyst opp av eitt par vindauge i taket.

Langt under bakken i ein bunkers, høgt oppe i eit trongt kyrkjetårn og forlatne bygningar.

Det er nokre av plassane Anne Marthe har besøkt.

– Eg likar jo ikkje mørket, høgder eller tronge rom. På alle desse områda har eg blitt utfordra når eg er ute og tek bilde.

– Ein blir jo redd for kva ein kan finne, fortel Anne Marte.

Det at ho likevel greier å oppsøke desse plassane, har blitt ein viktig motivasjon.

– Eg får alltid ei deilig kjensle når eg sit i bilen på veg heim. Både fordi det har gått bra og fordi eg veit eg har fått fine bilde!

Dermed har det å ta bilde av mørke og litt smådystre ting, både blitt det ho likar best, men også det som utfordrar ho mest.

– Eg hadde ikkje gjort det eg gjer, og oppsøkt alle desse plassane, hadde det ikkje vore for at resultatet blir så bra, seier ho med eit smil.

Men det er ikkje alltid uproblematisk å vere den første som besøker ein plass på årevis.

Det kan vere både farleg og vanskeleg å få tilgang.

– Ein plass fekk vi lov å bruke vinkelslipar for å få opp låsen på døra. Andre plassar er falleferdige, så ein må vere forsiktig.

Nokre gonger blir Anne Marthe også så oppslukt av motivet at det kan gå gale.

Ein gong tok ho bilde av ein sommarfugl, men blei så fokusert at ho trakka gjennom ein roten planke.

– Eg redda kameraet, men hang fast i golvet. Difor er det greitt å vere to på tur, seier ho og ler.

Anne Marthe meiner det er noko unikt med desse plassane.

Ho fortel at det er ganske spesielt å gå inn på eit rom der ingen har vore på 30 år.

– Berre det å kjenne på energien som er der. Nokre plassar ser det ut som om folk har gått på dagen og berre forlate tinga som dei var.

I dag deler fotografen bilda frå eventyra sine på Facebook og nettsida si. Dette til stor glede for dei som følgjer ho.

– Nokre får oppleve plassen for første gong, medan det er eit gledeleg gjensyn for andre.

Etter kvart vil ho også skrive meir om bakgrunnen til plassane.

Nokre av plassane Anne Marthe har besøkt har blitt rive etter at ho har vore der.

Difor synest ho det er viktig å vise dei fram.

– Eg er opptatt av å fange motiv og vinklar som andre kanskje ikkje har gjort før, slik at folk som kjenner til plassane kan oppleve dei med nye auge.

Samtidig vil jakta på dei skjulte skattane halde fram.

– Eg vil ikkje berre ta bilde for å dokumentere. Eg vil at folk skal sjå det vakre i rare, gamle og gløymde ting, fortel Anne Marthe.

Så løfter ho kameraet av stativet og spring vidare.

Ho har oppdaga eitt nytt motiv.

Journalist

Silje Steinnes Bjerknes

Fotograf

Øyvind Sandnes

Fotograf

Anne Marthe Vestre Berge
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal