Hopp til innhold

Ja frå innleiarane, delt blant tilhøyrarane

Rundt 100 personar hadde møtt fram til folkemøte om kommunereforma i Ålesund i går kveld.

Folkemøte om kommunereformen i Ålesund

Rundt 100 personar møtte fram til folkemøtet i Ålesund.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ålesund og ni andre kommunar forhandlar om å lage ein felles regionkommune på Sunnmøre.

Blant innleiarane var det eit rungande ja til ein slik storkommune medan det blant tilhøyrarane var ulike meiningar.

Per Atle Sjåstad på folkemøte i Ålesund

Verda er i forandring, seier Per Atle Sjåstad.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det har forandra seg ein del sidan dei teikna kartet i 60-åra. Og når ein ser korleis vi lever, arbeider og bur i dag, så ser eg fornuft i at vi blir større, seier Per Atle Sjåstad frå Sykkylven.

Einar Røssaak frå Ålesund vedgår at han har vore skeptisk til lokaldemokratiet og om «den Lille mann» vil nå fram i ein storkommune. Men i foredraga i går kveld fekk han høyre at det ikkje er nokon fare for demokratiet.

Ålesund-ordførar meiner det hastar, og at ein kjem til å tape dei store og viktige kampane dersom arbeidet med å danne ein stor regionkommune blir mislykka.

For få og for små

– Vi står framfor store sentraliseringsutfordringar i dag. Ungdom flyttar i mindre grad tilbake igjen, vi manglar unge kvinner og det går ut over fødselstala. Vi manglar kompetanse og regionar som er større enn oss stikk av med kronene. I sum blir vi tapar fordi vi er for få og for små, seier Eva Vinje Aurdal.

Ålesund er storebror i ein eventuell regionkommune, og når denne kommunen inviterer til folkemøte er det difor ikkje overraskande om det er klart fleirtal for ei samanslåing.

Kirsti Dahle, no i Senterpartiet, meiner regionkommunen må ha noko å tilby folket, slik at dei blir overbeviste om at dette er ei samanslåing ein kan leve med. Det synest ho ikkje ho fekk.

Ulik oppfatning

Lene Vadseth Larsgård, nestleiar i Ungdomsrådet i Ålesund.

Nestleiaren i Ungdomsrådet trur fleire flyttar heim til ein storkommune.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Dei byr oss berre fine ord som robust, tenesteyting og betre lokaldemokrati. Samtidig er der ei rekke ubesvarte spørsmål.

Lene Vadset Larsgård, nestleiar i Ungdomsrådet i Ålesund, ser det på ein annan måte.

– Ein større kommune gir oss fleire arbeidsplassar, og det er større sjanse for at dei unge flyttar tilbake igjen.