NRK Meny
Normal

Held fram som fylkesleiar for KrF

Arild Iversen, ordførar i Volda, er samrøystes attvalt som fylkesleiar i KrF Møre og Romsdal.

Arild Iversen

Arild Iversen vil halde fram som leiar av KrF Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Iversen vart attvalt som fylkesleiar under årsmøtet til KrF Møre og Romsdal denne helga. Iversen var einaste kandidat, og takka ja til å halde fram eitt år til.

– Eg har vore leiar i to år, og synst at det har vore interessant og givande å ha dette vervet, seier Iversen til NRK.

Leiaren meiner at vervet er meiningsfylt, og han set pris på tillitserklæringa.

Reservasjonsrett, landbruk og ambulanse

Årsmøtet vedtok tre resolusjonar. Ein av dei forsvarar fastlegane sin rett til å reservere seg mot å vise til abort, skriv tk.no.

– Eit angrep på reservasjonsretten er eit angrep på samvitsfridom, meiner KrF Møre og Romsdal.

Iversen seier at reservasjonsretten er ei samvitssak, og på årsmøtet snakka dei om at dette er knytt opp mot menneskerettane.

– Det øydelegg ikkje for kvinnene at enkelte legar kan reservere seg, seier Iversen.

Resolusjon nummer to omhandla norsk landbruk. KrF vil auke matproduksjonen og sikre meir rekruttering til landbruket. På årsmøtet slo KrF også fast at dei ikkje vil akseptere ei svekking av ambulansetenesta i Møre og Romsdal.

Nye tilskot i styret

På årsmøtet i Molde fredag og laurdag blei Ragnhild Synnøve Lien, Atle Roset og Marit Gunnlaug Alnes valt som nye styremedlem,

Roar Halle frå Surnadal er valt som første varamedlem til styret og Gunn Berit Torvik frå Gjemnes er andre varamedlem.