Hopp til innhold

Investor ber folk stemme ja til Havila-løysing

Tom Henning Slethei leia opprøret blant obligasjonseigarane og sa nei til Havilas forslag til gjeldsløysing. No gjer han heilomvending, skriv Dagens Næringsliv.

Havilaskip i opplag

Havila Shipping er truga av konkurs. Bankane krev at obligasjonseigarane går med på refinansieringsplanen, men dei har sagt nei.

Foto: Arne Flatin / NRK

Havila Shipping kjempar for å unngå konkurs og har lagt fram eit forslag til gjeldsløysing. Eit fleirtal av obligasjonseigarane sa nei til forslaget. Investor Tor Henning Slethei ber no obligasjonseigarane om stemme ja til redningspakken og berge reiarlaget Havila frå konkurs, skriv Dagens Næringsliv. (krev innlogging).

Tom Henning Slethei

Tom Henning Slethei har snudd i saka.

Foto: Frp

– Vi har hatt intens møteverksemd og dialog og anbefaler no folk å snu og stemme ja til forslaget. Vi trur det er stor sannsynlegheit for at bankane slår selskapet konkurs om vi ikkje stemmer ja. Det er forferdeleg og forkasteleg det maktmisbruket bankane utset obligasjonseigarane for, seier Slethei til Dagens Næringsliv.

Møtte ikkje opp

Refinansieringsplanen inneber blant anna at eigarane, Havila Holdning, går inn med ny eigenkapital og beheld sin opprinnelege eigardel på 51 prosent.

Svært mange av obligasjonseigarane i Havila har fredag varsla at dei støttar restruktureringsplanen som selskapet har lagt fram. Fleire av desse møtte ikkje fram då planen blei nedstemt onsdag.

Jobbar vidare for å få ei løysing

Administrerande direktør i Havila Shipping, Njål Sævik, seier til NRK at han registrerer at ein av investorane har snudd.

– Vi har ikkje per i dag skrifteleg tilbakemelding på at det er fleirtal for forslaget, så vi jobbar vidare for den løysinga som er foreslått, seier Sævik.

Berge arbeidsplassane

Njål Sævik

Adm. dir i Havila Shipping, Njål Sævik, har håp om å få på plass løysinga.

Foto: Frode Berg / NRK

Innan måndag klokka 15 må Havila ha støtte frå to-tredelar av obligasjonseigarane for å kunne kalle inn til ny røysting om forslaget. Dersom Havila ikkje får nok støtte, kjem bankane til å kreve lånet innfridd og det kan bety konkurs for selskapet med 650 arbeidsplassar. Sævik har eit håp om at løysinga kjem.

– Vi er audmjuke for at det er smertefullt for alle, både aksjonærar, obligasjonseigarar og bankar, men tidene vart tøffe og dermed dreiar dette seg no om å få att litt verdiar for alle og på den måten berge selskapet og arbeidsplassane, seier Sævik.