Hopp til innhold

Inngår samarbeid om flyktningar

Rundt 17 prosent av innbyggarane i Ulstein hadde ved årsskiftet i 2016 innvandrarbakgrunn. Ulstein kommune ønskjer difor å styrke integreringa, særleg av vaksne. Kommunen har fått prosjektmidlar frå fylkeskommunen og inngår no eit formelt samarbeid med Hødd Fotball.

Høddvoll med byggefelta rundt

Høddvoll-området sett frå avstand. Her er fleire hundre vaksne og barn innom kvar dag på kamp og trening. Ulstein kommune håper no at fleire med innvandrarbakgrunn skal engasjere seg som frivillige i klubben for å gjere integreringa endå betre enn i dag. Konkret skal det mellom anna etablerast ein kafe på Høddvollhuset ein dag i veka der vaksne med innvandrarbakgrunn skal ha ansvaret for drifta.

Foto: Arne Flatin / NRK

Det er leiar for integrering og mangfald i kommunen, Lars Erling Bjåstad Hovlid og folkehelsekoordinator Kristine Dale som har teke initiativet til eit slikt samarbeid.

–Hovudmålsetjinga for prosjektet er at fleire i målgruppa, busette flyktningar og andre innvandrarar i Ulsteinvik, skal verte inkluderte i frivillige arenaer i kommunen. Vi er derfor veldig glade for å samarbeide med Hødd i dette prosjektet, då dei har ein fantastisk arena med fleire hundre frivillige i sving. Dette er ein viktig møteplass i lokalsamfunnet, og viktig for identitet og tilhøyrsle både for barn og vaksne, seier Dale.

Lars Erling Bjåstad Hovlid og Kristine Dale

Folkehelsekoordinator Kristine Dale og leiar for integrering og mangfald i kommunen, Lars Erling Bjåstad Hovlid har teke initiativet til prosjektet saman med Hødd.

Foto: Arne Flatin / NRK

Dale seier at eit langsiktig mål for prosjektet er at målgruppa gjennom frivillig arbeid får både språktrening, og ikkje minst utvide det sosiale nettverket.

Vil bruke eksisterande tilbod

– Vi er opptekne av å inkludere endå fleire i dei allereie eksisterande møteplassane i lokalsamfunnet, der Hødd er suverene, med så mange som er innom der i løpet av ein vanleg dag. Dette vil vi spele på, ved å satse på å etablere Kafè 1919, som er eit kiosk/kafetilbod på Høddvollhuset.

Lars Erling Bjåstad Hovlid seier dei også har eit ønske om å bruke fleire lokale lag og organisasjonar, men at dei i denne omgangen berre hadde nok prosjektmidlar til å involvere Hødd.

Hødd er positive

Prosjektleiar frå Hødd er Andre Aurvåg Gardshol, Han synest dette er eit spennande prosjekt av fleire årsaker.

Andre Aurvåg Gardshol, Hødd

Andre Aurvåg Gardshol er ansvarleg for prosjektet frå Hødd si side. Han synest dette ser spennande ut.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Vi har behov for fleire frivillige på sikt, så det er bra at vi er i forkant. Ei anna årsak til at vi gjer dette er at det ofte er foreldre til barn med innvandrarbakgrunn som ikkje møter på dugnader og fellessamlingar. Så vi ønsker med dette å skape ein tettare dialog med dei og forstå kvifor dei ikkje møter. På denne måten får vi inkludert dei og knytt dei sterkare til Hødd-kulturen.

Prosjektet har fått midlar i første omgang for to år, men Gardshol både håper og trur at dette kan vidareførast etter denne perioden.