Hopp til innhold

Det blir forbode å opphalde seg på Haramsfjellet

Etter stadige aksjonar for å hindre vindkraftutbygging har no politiet innført opphaldsforbod.

Politi på Haramsfjellet

Politiet fjerne sju privatbilar tysdag som stod i vegen for anleggsmaskinene.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Det er høg temperatur på Haramsøya på Sunnmøre, der åtte 150 høge vindturbinar skal settast opp. Bygdefolket gjer alt dei kan for å stikke kjeppar i hjula for utbygginga. No har politiet sett seg nøydde til å innføre opphaldsforbod i det mykje brukte turområdet.

Aksjonistar blokkerer vegen.

Det har vore fleire aksjonar på Haramsøya i sommar.

Foto: Olaug Bjørnset / NRK

– Det er historikken som gjer det. Sidan utbyggaren kom til øya har det vore ein jamn obstruksjon over lengre tid, seier politistasjonssjef Oddbjørn Solheim.

Lokalbefolkning og andre meiner vindturbinane mellom anna vil rasere naturen på øya. Aksjonane har halde på i vekevis. Tysdag måtte politiet hyre inn bergingsbil for å fjerne sju privatbilar som blokkerte anleggsmaskinene på fjellet.

Brukar store ressursar

Politiet brukar store ressursar på Haramsøya og har folk på staden på morgon og kveld.

Solheim skulle ynskje at politiet slapp å innføre eit så inngripande tiltak.

– I oppstarten etter ferien har det eskalert på eit nivå som vi ikkje ynskjer det skal vere, seier politistasjonssjefen.

Kan få bot

Solheim er klar over at eit opphaldsforbod er inngripande mot allemannsretten.

Oddbjørn Solheim, politistasjonssjef, Møre og Romsdal politidistrikt

Oddbjørn Solheim er politistasjonssjef ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Frode Berg / NRK

Politiet har difor lagt vekt på at det ikkje skal vere meir omfattande enn naudsynt og berre gjelde når anleggsarbeidet er i gang. Det betyr at bygdefolket får tilgang til området på kveldstid og når anleggsarbeidarane tar helgefri.

Kan de overprøve allemannsretten?

– Ja, vi vurderer situasjonen slik at det er det verkemiddelet vi har. Motstandarane kallar det sivil ulydnad, men i praksis er det å hindre lovleg verksemd, seier Solheim.

Vindkraftparken fekk konsesjon i 2009. Det siste året har det blitt jobba intenst for å stoppe utbygginga.

Dei som bryt opphaldsforbodet kan bli bøtelagt.

Prøver å stoppe utbygginga

Eva Vinje Aurdal på folkemøte på Haramsøya

Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) jobbar for å stoppe utbygginga.

Foto: Frode Berg / NRK

Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (Ap) har engasjert seg i saka for å stanse utbygginga. I juni var ho i møte med olje- og energiminister Tina Bru (H), saman med fylkesordføraren og organisasjonen Nei til vindkraftverk på Haramsøya.

Der fekk dei beskjed om at utbygginga ikkje blir stoppa, fordi konsesjonen er gitt for mange år sidan og ifylgje Bru har det vore grundige prosessar. Ordføraren har forståing for at politiet no set ned foten.

– Slik saka står i dag har utbyggar rett til å starte arbeidet og politiet er sett til å sørge for at dei får gjort det i fred, seier Aurdal.

Det held på no fleire parallelle prosessar både politisk og rettsleg for å gjere om på konsesjonsvedtaket. Stortinget har bestilt ein gjennomgang av vindkraftprosjekt i landet.

Ikkje overraska

Birgit Oline Kjerstad

Birgit Oline Kjerstad er leiar i Nei til vindkraftverk på Haramsøya.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Birgit Oline Kjerstad, leiaren i Nei til vindkraftverk på Haramsøya, er ikkje overraska over politiet sitt vedtak.

– Det er ikkje kjekt, men det er først og fremst frustrerande for lokalbefolkninga at prosjektet ikkje blir stoppa medan saka blir gjennomgått på nytt, seier Kjerstad.

Trur du dette fører til høgare konfliktnivået i staden for at situasjonen blir roa ned?

– Det håper eg ikkje. Eg trur folk vil halde fram engasjere seg, men ein må finne andre måtar å gjere det på. Det er ikkje slutt, seier Kjerstad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no