Hopp til innhold

Skuffa over at Bru ikkje vil stoppe utbygginga på Haramsøya

I eit siste desperat forsøk på å stanse vindkraftutbygginga på Haramsøya, fekk aksjonsleiaren møte med olje- og energiministeren. Det enda med skuffelse.

Møte mellom olje og energiminister Tina Bru, og nei til vindkraft på Haram, Birgit Oline Kjerstad

Birgit Oline Kjerstad i Nei til vindkraftverk på Haramsøya møtte olje- og energiminister Tina Bru (H).

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Det kokar på den vesle øya Haramsøya der arbeidet med å bygge eit vindkraftverk er i gang. Bygdefolket ynskjer å hindre at det kjem åtte 150 meter høge vindturbinar på fjellet.Tysdag var aksjonsleiar Birgit Oline Kjerstad og ein delegasjon hos regjeringa for å bli høyrt. Kjerstad opplevde at ministeren lytta, men at ho ikkje kan beordre byggestans.

– Det er kjempefrustrerande at departementet ikkje ser at det er naudsynt med stans, av omsyn til lokalsamfunnet og folk sin tillit til offentlege forvaltning, seier aksjonsleiar Birgit Oline Kjerstad.

Politiet fjernar bil på Haramsøya

I fjorten dagar hindra ein motstandar anleggsmaskinene å køyre opp på Haramsfjellet. Til slutt greip politiet inn og flytta bilen.

Foto: Eli Rogne

Har rett til å bygge ut

Olje- og energiminister Tina Bru forstår godt at folket på Haramsøya er fortvila og ho har stor medkjensle med lokalbefolkninga. Ho kan likevel ikkje stoppe prosjektet.

– Konsesjonen er gitt for mange år sidan og det har vore grundige prosessar. Det er vanskeleg for meg å imøtekome ynskje om at ein ikkje skal bygge det som har fått ein rett til å bli bygd ut, seier Bru til NRK.

Delegasjonen møtte olje- og energiministeren tirsdag 20. juni.

Disse fire møtte oje- og energiminister Tina Bru 30. juni.

Foto: Olaug Bjørnset

Skal gå gjennom saka på nytt

Stortinget har bedt regjeringa om å gå gjennom konsesjonar som er gitt og stanse prosjekt med feil og manglar. Det blir dermed gjort ein ny gjennomgang av Haram vindkraft.

Bru seier at ho har ingen grunn til å tru at saksbehandlinga har vore dårleg i denne saka eller at krava ikkje er følgt. Då Olje- og energidepartementet behandla saka i mars gjorde dei fleire justeringar. Blant anna blei fleire av turbinane flytta for å ta omsyn til fuglereservatet og kystmyr.

Aksjonsleiar Kjerstad meiner regjeringa burde ha stansa arbeidet medan ein går gjennom konsesjon på nytt, men det avviser Bru.

– Det er noko retten må avgjere dersom dei vel å ta saka til retten. Det er ingenting eg eller departementet gjer no, som stoppar prosessen på Haramsøya, seier Bru.

Jørgen Åkre, Birgit Oline Kjerstad og Eva Vinje Aurdal i Oslo for å møte olje- og energiminister Tina Bru

Ein delegasjon frå Sunnmøre drog til Oslo for å stoppe utbygginga, men blei skuffa. Jørgen Åkre og Birgit Oline Kjerstad hadde fylgje av ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (Ap).

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Har ikkje gitt opp håpet

Også fylkesordføraren i Møre og Romsdal, Tove Live Torve (Ap) var med på møtet. Ho er både skuffa og glad.

– Eg er glad fordi statsråden lova å gå gjennom dei openberre saksbehandlingsfeila og den mangelfulle utgreiinga vi meiner ligg til grunn for konsesjonen, seier Torve. Ho har ikkje mist håpet om at saka kan snu.

Heller ikkje ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (Ap) har gitt opp håpet.

– Vi gir ikkje opp, men forhåpningane til møtet var kanskje litt større enn det vi fekk ut av det, seier Aurdal.