Søre Sunnmøre tingrett. Foto: Harald Stavseth
Då sorenskrivar Ingolv Joa kom på arbeid i dag tidleg, var det glasskår overalt, og sju datamaskiner var vekk. Tjuvane hadde knust eit vindauge i døra og kome seg inn den vegen.
Ikkje sensitiv informasjon
Ingen av datamaskinene inneheldt sensitiv informasjon, opplyser Joa. Slik informasjon ligg lagra ein annan stad. Heller ikkje hadde tjuvane rørt dei dokumenta som var arkiverte på sorenskrivarkontoret.