Hopp til innhold

Innbrot hos Kirkens SOS

Onsdag førmiddag var det ingen å snakke med hjå Kirkens SOS i Ålesund. Telefonen blei taus etter at ein tjuv stal to datamaskiner midt på dagen.

Ein frekk tjuv stakk av med to berbare PCar frå lokala til Kirkens SOS i Ålesund i dag.

Ein mann braut seg inn i Kirkens SOS sine lokale i Ålesund og stal to datamaskiner.

– Ein mann kom inn døra her og forsynte seg med to datamaskiner og anna utstyr. Så forsvann han ut døra og ned trappa, fortel Magne Kjell Bjørge, dagleg leiar ved Kirkens SOS i Møre og Romsdal, medan han viser fluktruta til innbrotstjuven.

Den frekke tjuven vart oppdaga av ein av dei tilsette, men forsvann ut gjennom naudutgangen då han vart tatt på fersken.

Onsdag ettermiddag melde politiet om nok eit tjuveri av ei datamaskin med dockingstasjon og ei veske i Ålesund. Politiet jobbar aktivt for å sjå om dette kan sjåast i samanheng med tjuveriet hjå Kirkens SOS.

Rammar hardt

Kyrkjas SOS tek imot telefonar frå menneske i naud heile døgnet. Det arbeidet sette tjuven ein stopper for då han stakk av med dei to datamaskinene.

Innbrudd Kirkens SOS

Her skulle det eigentleg stå ei datamaskin.

Foto: Øyvind Sandnes / nrk

– Det er i utgangspunktet ikkje eit stort tjuveri økonomisk sett, men det rammar hardt på andre måtar, seier Bjørge.

– Det kan vere personar som verkeleg trengde nokon å snakke med som ikkje kom gjennom, og det er det alvorlege i denne saka, ikkje det økonomiske, held han fram.

– Dårleg gjort

Tapet av dei to datamaskinene lamma tenesta til Kirkens SOS i heile Møre og Romsdal. Nye datamaskiner kjem fyrst i morgon, og det var difor viktig for dei tilsette å få på plass ei reserveløysing så fort som mogleg.

– Vi har no fått tak i nokre datamaskiner som vi kan nytte til dei nye maskinene kjem i morgon, seier Bjørge.

– Men vi tykkjer det er svært dårleg gjort, spesielt mot ein slik teneste som vi er, held han fram.

Saka er meldt til politiet, utan at gjerningsmannen så langt er tatt. Politiet etterlyser ein mann i 40–50 årsalderen som er høg og slank med kort mørkt hår. Han skal ha vore iført ei mørk blå eller svart jakke.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL