NRK Meny
Normal

Ingen trafikkaos under Sommerfesten

Trafikkaoset som var frykta under Sommerfesten er avblåst. På Giske er stemninga på topp sjølv om sommarvéret har uteblitt.

Gå til forsiden

Sommerfesten på Giske 2017

Sommerfesten på Giske 2017

Sommerfesten på Giske 2017

18 bilder

Sommerfesten samlar tusenvis av menneske på den vesle øya Giske kvart år.

    – Her er det ingen grunn til panikk. I dag har trafikken gått kjempebra og flyten med folk har gått heilt topp seier arrangør Idar Giskeødegård i Momentium.

    Streng regulering av trafikken skulle gjere at ein kunne unngå trafikkaoset som var under fjorårets festival på Giske. Då var det milelang bilkø på grunn av den populære duoen Marcus & Martinus, som på grunn av kaoset i trafikken vart éin time forseinka med konserten sin.

    Rolege tilstandar

    Trass grått vêr, har mange musikkglade samla seg på øya Giske og Sommerfesten laurdag. Og i år er det mykje enklare å kome seg dit.

    – Både politi og alle involverte har jobba for at arrangementet skulle gå kjempegreitt i år, seier Giskeødegård til NRK.

    Idar Giskeødegård

    Idar Giskeødegård i Momentium er glad det har gått såpass roleg føre seg under årets festival.

    Foto: Aleskander Båtnes / NRK

    Arrangørane hadde heller ikkje forventa at det skulle kome så mange folk til Sommerfesten i år som i fjor, då Marcus & Martinus var det store trekkplasteret.

    – Vi har vore heilt rolege. Logistikken når det gjeld publikum har vore heilt som forventa.

    Trur du folk har blitt skremde for å kome tidleg på dag, for køa har vore ganske beskjeden?

    – Ja, det trur eg nok at nokon har blitt. Og det er litt synd.

    – Færre enn forventa

    Anne Barstad
    Foto: Aleksander Båtnes / NRK

    Ved inngangen til Sommerfesten er Anne Barstad ein av dei som held fortet, og ho hadde forventa at det kom meir folk på dagtid.

    – Ja, det må vi seie. Vi håpte det skulle kome meir folk. Men det var nok Marcus & Martinus som gjorde at det blei enormt med folk på formiddag i fjor.

    Mange småbarnsfamiliar har likevel teke turen til Sommerfesten i år, og Momentium har fått nok med frivillege som har stått klare til å ta imot publikum.

    – Ja, vi har godt med frivillige som står her, så vi som er på innslepp til vanleg, vi står eigentleg berre å observerer og kontrollerer, seier Barstad.

    Sigrid Raabe trekkplaster

    Ho reknar med eit storinnrykk til kvelden, og då har dei som står ved inngangen meir å gjere.

    – Vi passar på at folk ikkje har med seg paraply, stolar og alkohol inn. Så håper vi at dei er smilande og blide og har det kjekt inne.

    Også Idar Giskeødegård trur at folk vil strøyme til meir og meir.

    – Sigrid Raabe skal på scena snart og veret har blitt betre, så no ser det herleg ut.

    – Dette fungerer som ei kule!