NRK Meny
Normal

Endeleg kom Marcus og Martinus på scena

Tusenvis møtte fram på Sommerfesten på Giske for å sjå det populære brødreparet Marcus & Martinus. Trafikkaoset var så stort, at mange rakk aldri konserten.

Marcus & Martinus på Sommerfesten 2016

Tusenvis møtte opp for å sjå tvillingane Marcus og Martinus.

Foto: Frode Berg / NRK

Marcus og Martinus på Sommerfesten 2016

Marcus & Martinus visste korleis dei skulle lage god stemning.

Foto: Frode Berg / NRK

I timane før Marcus & Martinus kom på scena, har det vore trafikkaos i Ålesund og i Giske. Køane var lange, og politiet gjekk ut og oppmoda folk om å ta buss eller hurtigbåt til festivalen på øya. Kaoset vart så omfattande at arrangørane valde å utsette konserten ein time. Mange måtte snu i busskøa og drog heim, utan å få sjå dei populære tvillingane.

For dei mange tusen som fekk med seg konserten, var det nedteljing før tvillingane kom på scena klokka 15. Mange hylte av glede. Marcus & Martinus opna med songen «To dråper vann», som dei vart kjend med på MGP junior.

Stemninga var stor og barna sang med på dei kjende hitane, som kom på rekke og rad.

Alle fekk beskjed om å synge med og ta fram mobilane sine på songen "Heartbeat". Og det er ingen vil om at publikum kunne teksten. Tvillingane visste korleis dei skulle skape stemning og få med seg publikum, som hoppa, dansa og hylte.

Marcus & Martinus

Det var stor glede då tvillingparet entra scena på Sommerfesten.

Foto: Rune Aabrekk

Heilt fantastisk

Cecilia Pedersen frå Elnesvågen stod opp grytidleg i dag for å sjå dei store heltane sine. Det var det verdt, meiner ho.

– Marcus og Martinus er heilt fantastiske. Det er personlegdomen, stemmene. Dei er berre best, seier Pedersen etter konserten. Ho drøymer sjølv om å bli artist, men synest det er vanskeleg å få tid med alle leksene.

– Eg høyrer eigentleg på musikken deira nesten kvar dag, seier Pedersen.

Tårene rann

Simone V. Nielsen og Kaja Visnes var også svært nøgde med konserten. Det var ikkje fritt for at det kom nokre tårer.

– Det er første gong eg såg dei, så det var spanande. Alle sangane var bra, seier Nielsen. Ho likar aller best Martinus, medan venninna Kaja held ein knapp på Marcus.

– Han er kulast og kjekkast, seier Kaja Visnes.

Simone V. Nielsen og Kaja Visnes

Simone V. Nielsen og Kaja Visnes var svært nøgde med konserten.

Foto: Frode Berg / NRK

Måtte avlyse

Marcus & Martinus har blitt så populære i Sverige at dei no må avlyse ei TV-framsyning. Den norske duoen skulle opptre i Malmö under ei livesending av barneprogrammet «Sommarlov» 15. juli.

Torsdag blei det derimot kjent at konserten blir avlyst fordi arrangørane ikkje kan garantere for sikkerheita under den planlagde innspelinga. Tidlegare denne månaden måtte også Liseberg i Göteborg og Gröna Lund stenge dørene for tusenvis av skuffa Marcus & Martinus- fans på grunn av eit enormt publikumsoppmøte.

Gå til forsiden

Sommerfesten 2016

Sommerfesten 2016

Sommerfesten 2016

6 bilder