Kommunesamanslåing
Dette inneber at det blir eit vedtak i Stortinget før sommaren, seier leiar i samferdselskomiteen, Petter Løvik frå Høgre, som også er vald til saksordførar
Imarsund-sambandet inneber at at dei to kommunane Aure og Tustna kjem til å slå seg saman.
Vedtak i Stortinget før sommaren er svært gledeleg, seier ordførar i Aure, Knut Baardset.
Dei siste dagane har det gått unna i ei rivade tempo. Fredag sa regeringa ja til Imarsund-prosjektet. I dag kan altså leiarane i samferdelskomiteen på Stortinget, Petter Løvik, stadfestte at det er semje i komiteen om å få prosjektet gjennom Stortinget før sommaren.
På etterskudd
Under folkerøystinga i fjor haust blei det fleirtall både i Aure og i Tustna om å slå saman dei to kommunane dersom Imarsund-sambandet kom på plass.
Men så stoppa det opp, og vegen gjennom samferdsledepartementet har vore lang og kronglete.
Baardseth vedgår at dei er på etterskudd. No blir det mykje å henge fingrane i både når det gjeld finansieringa og kommunesamanslåinga, seier han.