Hopp til innhold

Russetida er stort sett ferdig – men her festar dei enno

Koronatida har ført til diskusjon om når russetida bør vere. I Surnadal festar dei nesten heile mai, mens i Tromsø har dei ikkje ein gong starta.

Det er «dare night» for den vågale russen i Surnadal. Å ete eit rått egg, helle Zalo i fontena, shotte heimebrent eller elskov på taket. Det er nokre av utfordringane dei kan bryne seg på.

– Å fy f***. Okay, då har vi tatt egget, seier russepresident Lars Kristoffer Kårvatn Moen, før dei hoppar inn i bilen igjen på veg til fontena i nabobygda.

Dei fleste som er russ i år blei ferdige 17. mai, som har vore tradisjon heilt fram til pandemien kom. I Surnadal røysta dei for å heller halde på til siste helga i mai.

Meir tid til skule

– Det er godt å få ha forlenga russetid så vi får ta igjen for tida vi mista under pandemien, seier Vidar Humberset.

Han kan elles skryte av å vere på russebilen «Spikar og sprit» med det største anlegget i mils omkrins.

Una Langeland Grøvvold

Meir tid til skule, nyte bil og å kome seg frå sjukdom. Det er tre gode grunnar til å utvide russetida, synest Una Langeland Gravvold.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Vi valde det mykje på grunn av skule, så vi faktisk kan ha tida til å prioritere det oppi den tida her. Då blir det litt rolegare på kvardag og meir intensivt på helg, seier viserussepresident, Una Langeland Gravvold.

– Får dei prioritert skule då?

– Absolutt. Dei møter opp, og vi har hatt veldig lite fråvær eigentleg, utanom ein del sjukdom, seier Gravvold.

Har ikkje begynt

– Kva forbind de med nanoteknologi? spør kjemilærar Ane Live Gunnes Utnes ved Kongsbakken videregående skole i Tromsø.

– Noko veldig lite! kjem det raskt frå klassen.

Ein klasse har kjemi-undervisning

Bak denne døra er det lite som vitnar om russetid. Avgangselevane i Tromsø startar ikkje feiringa før første juni.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

På skulen er det lite som vitnar om russetid. Dagane og ettermiddagane går til skule, prøver og innleveringar.

Ikkje før første juni tek elevane i Tromsø på seg dei raude og blå buksene.

– Det er litt kontraintuitivt å legge ein festeperiode samstundes som den mest intense eksamensperioden, seier avgangselev Agnes Clemetsen.

Nøgde med sein russefeiring

Russestyret bestemte å utsette russefeiringa i juni då dei framleis trudde det skulle vere eksamen i mai.

Då eksamen blei avlyst tenkte dei at det uansett var smart å starte russetida seinare.

Ein klasse har kjemiundervising

Denne dagen står nanoteknologi på timeplanen for kjemi 2-klassen ved Kongsbakken videregående skole.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

– No kan vi fokusere på skule og feire når vi faktisk er ferdige, seier Seier Marie Andersen.

Ho er russepresident ved Kongsbakken videregående Skole.

Det har likevel allereie vore nokre anledningar til å lufte russebuksa.

På 17. mai fekk avgangselevane gå i borgartoget iførte russekleda og dele ut russekort.

Ei hand skriv på ei notatblokk

Russepresident Seier Marie Andersen er nøgd med at russefeiringa startar etter at dei er ferdige med dei fleste store prøvane.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Tradisjonell russetid

For Oslo-russen har festen stilna. Dei var ferdig med russefeiringa på 17. mai.

Også blant Oslo-russen blei seinare russetid diskutert. Fleirtalet røysta likevel for den tradisjonelle tidsperioden, nemleg fram til 17. mai.

– Det er mange som ikkje ønsker å feire så tett opp mot sommarferien og inn i sommarferien, seier Thomas Aasen, russepresident i hovudstyret i Stor-Oslo.

Ifølge han låg det ekstra til rette for å ha russefeiringa i mai i år, sidan det ikkje var eksamen.

Russ i Surnadal

Sara Moen og Anne Nergård Norli er på russebil saman i Surnadal.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Påtroppande leiar i Elevorganisasjonen, Aslak Berntsen Huseby, meiner derimot at russetida bør vere etter eksamen.

– Det trur vi er best for både eksamenstida og russetida. Då kan elevane feire avslutta skulegang med godt hjarte og god samvit.