Barnevernet i Nordmørs-kommunen reiste sommaren 2001 barnevernsak mot kvinna, og bakgrunnen var opplysningar om at ho skulle ha stukke ein person med kniv.
I februar 2002 overtok barnevernet omsorga for sonen hennar, men den blei tilbakeført ein månadstid seinare.
Men same sommaren var det fest heime hos kvinna, og sonan var tilstades. Saman med politiet rykte barnevernet ut, og dei tok med seg sonen.
Kvinna var då valdeleg og kom med truslar mot mellom andre den kvinnelege tilsette i barnevernet, og dottera hennar.
For dette fekk kvinna ein dom på 45 dagar. Det blei vedtatt omsorgsovertaking, men kvinna fekk samværsrett med sonen. Men tidleg i vinter meinte barnevernet at kvinna hadde brote vilkåra for samværet.
Då kom kvinna igjen med truslar, og sa at den tilsette i barnevernet skulle bli tatt av dage, og dei same truslane skulle og gjelde ei anna kvinne i barnevernet.
Tingretten meiner dei to barneverntilsette hadde grunn til å bli redde, og festar ikkje lit til kvinna som avviste at ho hadde trua nokon.
I straffeutmålinga peiker retten på at kvinna er dømt for liknande forhold før, og peikar også på at truslane har fått konsekvensar for livet til familiane til dei barneverntilsette.
Straffa blir sett til eit halvt år i fengsel.