Odd Kristian Øverland frå Ålesund har hytte på Strandafjellet. Han synest ikkje det er rettferdig å måtte betale dobbelt så mykje eigedomsskatt som huseigarar.
Strandafjellet er eit ynda område for hyttebygging. Men etter at kommunen kom i store økonomiske vanskar med ei gjeld på 890 millionar, innførte dei eigedomsskatt. Dermed var krangelen i gong. Stranda kommune meiner nemleg at verdien på hyttene på fjellet er høgare enn på husa.
– Fritidsbustader har eit dobbelt så høgt skattegrunnlag som den faste bustaden. Det oppfattar vi som høgst urimeleg, seier hytteeigar Odd Christian Øverland.
Fryktar fleire følgjer etter
Audun Bringsvor i Norsk Hyttelag opplever at fleire kommunar rundt om i landet vurderer å gjere det same som i Stranda, og skattlegge hytter høgare.
– Det kan bli eit demokratisk problem, seier Bringsvor.
Dei fleste hytteeigarane har ikkje røysterett i kommunen, og har difor ikkje høve til å påverke samansetninga av kommunestyret og dermed takseringsreglane.
Lovar ingenting
Ordførar Jan Ove Tryggestad kan ikkje love lågare skatt for hytteeigarane.
Foto: Frode Berg / NRKHyttebygginga er viktig for vekst og utvikling i kommunen. Hytteiegarane har truga med å boikotte næringslivet i Stranda kommune. I dag møttest partane og kommunen vil sjå på takstgrunnlag ein gong til. Men ordførar Jan Ove Tryggestad kan ikkje garantere lågare takst til hyttefolket.
– Vi går inn konstruktivt og ser om det er ting vi har vektlagt feil. Det kan i neste omgang føre til at taksten vert endra, seier Tryggestad.
Vurderer å selge
Om lag 300 hytteeigarar har klaga på eigedomsskatten og forskjelsbehandlinga. Nokre vurderer om dei skal selge hyttene sine.
– Det er avhengig av kva utfallet av denne saka vert, seier Odd Christian Øverland.