Ettersløkking av hytte
Brannvesenet har sløkt hyttebrannen på Aukra, og held no på med ettersløkking. Det er for å hindre at han blussar opp att. Politiet veit førebels ikkje årsaka til ulukka.
Brannvesenet har sløkt hyttebrannen på Aukra, og held no på med ettersløkking. Det er for å hindre at han blussar opp att. Politiet veit førebels ikkje årsaka til ulukka.
Brannvesenet opplyser at hytta ved Gossen feriesenter er totalskadd. Brannen skal også ha spreidd seg til ein nærliggande låve, men brannvesenet fekk raskt sløkt dette branntilløpet.
Personen som redda seg sjølv ut av den brennande hytta på Gossen, blir teken med i ambulansen til kontroll på legevakta. – Han har pusta inn litt røyk, og er litt svidd i håret, opplyser politiet.
Brannvesenet er i gang med å sløkke hyttebrannen på Gossen feriesenter i Aukra. – Det er ein låve som står relativt nært hytta, men brannvesenet på staden opplyser at dei har kontroll på situasjonen, og at det ikkje skal vere fare for spreiing, opplyser Kjetil Iversen i 110-sentralen i Møre og Romsdal. Brannvesenet i Molde rykker også ut med ein tankbil for å hjelpe til i sløkkingsarbeidet. Brannårsaka er så langt ukjent.
Naudetatane rykker ut til Gossen feriesenter etter melding om brann i ei hytte. Ifølgje politiet skal hytta vere overtent. Ein person som var i hytta har kome seg ut og er tilsynelatande uskadd.
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.