Hopp til innhold

Redda seg ut av brennande hus

Eit bustadhus blei totalskadd i dramatisk brann i Hjørungavåg i Hareid i natt.

Hjørungvåg brann i bustadhus

Huset i Hjørungdalen stod ikkje til å redde, opplyser Sunnmøre politidistrikt.

Foto: Svein Smørdal

Det var ein familie på tre og ein leigebuar som budde i huset. Ein av bebuarane vakna av brannen og fekk vekt resten av dei som budde der. Alle kom seg ut, og blir sjekka for røykskadar.

Brannen blei meldt i 4.30-tida.

– Alle kom seg heldigvis ut av huset tidsnok, men dei vart eksponert for røyk og sjekka av helsepersonell på staden, opplyser operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt, Ole Bjørn Harang.

Lensmann i Ulstein og Hareid, Odd Kulø, seier at brannteknikarane må vente til brannstaden vert kald før dei kan begynne arbeidet.

– Det er ikkje sikkert det blir i dag. Ingen kan vere på staden før varmen og skadelege gassar er vekke, seier lensmannen.

Dei har ikkje snakka med bebuarane enda. Politi vil no opprette sak, som vil vere til grunnlag for vidare etterforsking. Dei vil vite meir om årsak seinare i veka.

Ikkje til å redde

Huset som ligg i området Hjørungdalen blei raskt overtent, og det let seg ikkje gjere å sløkke brannen.

– Huset stod ikkje til å redde, og det var nok ei dramatisk oppleving for dei som var involverte, seier operasjonsleiaren.

Han fortel at Brannvesenet sikra at flammane ikkje skulle spreie seg, og vidare sikre ei kontrollert nedbrenning.

Fire personar redda seg ut av bustadbrann i Hjørungvåg 16.01.2014.

Har du tips? Send til mr@nrk.no eller SMS til 03030.

Saka blir oppdatert ..

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL