Hopp til innhold

Hurtigruter til Åndalsnes

Tre hurtigruteskip kan bli lagt i opplag ved Natokaia på Åndalsnes i vinter.

MS Nordnorge

Nordnorge er ei av hurtigrutene som blir liggande ved kai på Åndalsnes.

Foto: HANDOUT, Handout, Foto: handout / SCANPIX

Det første av dei, Nordnorge, kjem til kai på Åndalsnes i morgon før klokka 9. Det neste som står for tur er Vesterålen, og ytterlegare ei hurtigrute kan gå i opplag på Åndalsnes.

Det stadfestar kommunikasjonsdirektør Ragnar Norum i Hurtigruten ASA.

Blir fleire til kai

- Dersom det blir aktuelt å legge fleire hurtigruter i opplag, vi har jo sagt at vi kjem til å legge to til i opplag viss vi ikkje kjem fram til ein avtale med staten, så vil det vere aktuelt å bruke Åndalsnes fordi vi får ein stordriftsfordel av det, seier Norum.

På kaia på Åndalsnes er det plass til fleire hurtigruter, stadfestar han. Frå tysdag ligg skipet Nord-Norge i opplag, men den kan altså få selskap.

- Avgjerda blir teke før 1. november, seier Norum.

Ukjent framtid

- Vi har sagt at vi må gå til det steg å legge to skip i opplag dersom vi ikkje kjem fram til ein avtale om auka kompensasjon frå staten innan 1. november, legg han til.

Kor lenge skipa blir liggande vil han heller ikkje seie noko om. For det kjem an på kva som blir situasjonen framover.

- Dei kan bli tekne ut til anna verksemd, og Nord-Norge og tilsvarande skip har vi ute til sals, og dersom vi får til det, sel vi dei omgåande, fortel kommunikasjonsdirektøren.