Som dei fleste andre politihundar er Marco berre interessert i å jobbe, det er det han lever for. Men no er han tatt ut i streik, som den einaste i Møre og Romsdal.
– Per i dag så keiar han seg veldig, seier politibetjent og hundeførar Petter Lillemo.
– Han lurer eigentleg berre på når vi skal ut og trene igjen.
Ikkje samde om kompensasjon
For det blir keisame dagar for den fem år gamle schäferen Marco. Han vil helst vere i arbeid, men politidistriktet og Politiets fellesforbund blir ikkje samde om kor mykje pengar hundeførar Petter Lillemo skal ha for å bruke hund i polititenesta.
Lillemo meiner at han ikkje får den kompensasjonen han har krav på og ønskjer å få dekt utgiftene han har med å kjøpe og eige ein tenestehund som politiet får disponere.
Avtale på Sunnmøre
Marco er den einaste politihunden i Møre og Romsdal som er tatt ut i streik. Eigarane til dei to politihundane på Sunnmøre er blitt samde med politidistriktet om ein ny avtale, og Petter Lillemo seier at han og Marco ikkje dreg attende på jobb før dei får same avtalen.