Hopp til innhold

Håper streiken tar slutt før 17. mai

Etter ein tøff vinter, var det våren med konferansar og 17.mai-lunsj som skulle vere redninga for hotellet. Hotelldirektøren ved Scandic Parken i Ålesund må no kansellere den tradisjonelle buffeen.

Sven Erik Moe

Sven Erik Moe ved Scandic Parken i Ålesund, seier at tapa er store på grunn av streiken.

Foto: Synnøve Hole

For Scandic Parken i Ålesund har nasjonaldagen vere ein av dei mest hektiske dagane i året. Då serverer dei buffe i to omgangar og har til saman 500 gjestar. I år må hotelldirektør Sven Erik Moe avlyse buffeen, til liks med mange andre hotell.

– Streiken har ramma oss hardt og tapa er store, seier Moe. Han fortel om tøffe tider i hotellbransjen. Vinteren har vore dårleg for mange hotell i heile landet og omsetjinga svakare enn venta.

– Mai var den månaden hotella såg ei lysning. Før streiken kom, såg det bra ut, seier Moe. Hans erfaring er at hotell i heile landet har booka inn store arrangement og konferansar i mai.

– På generelt grunnlag forstår eg kvifor folk streikar, men eg forstår ikkje at ein går ut i streik i dei tidene vi er inne i no, seier Moe.

Buffet Scandic Parken hotel i Ålesund

Den tradisjonelle 17. mai buffeen blir avlyst på hotell i heile landet.

Foto: Bjørn Sindre Høydalsvik/Scandic Parken

LES OGSÅ:

Fryktar konsekvensane

Halvparten av dei tilsette ved hans hotell er ute i streik, og dei som er att har klart å drive rom og lage frukost nokre av dagane til hotellgjestane.

Moe har ikkje gitt opp håpet om at partane i streiken skal kome til ei semje snart.

– Dersom streiken blir avblåst før 17. mai, skal vi likevel klare å gjennomføre 17. mai-bufeen. Då jobbar vi gjennom heile natta, seier hotelldirektøren.

Han fryktar konsekvensen av streiken i etterkant. Hotellet må spare pengar for å minske tapet og det kan gå ut over talet på tilsette, ifylgje direktøren.

Trappe opp streiken

Etter planen skal Fellesforbundet trappe opp streiken 17. mai. Då blir 50 tilsette ved fire bedrifter, som tidlegare ikkje har vore ein del av konflikten, tatt ut. Konflikten har vart i nesten tre veker og over 7200 personar streikar.

Informasjonsansvarleg i Fellesforbundet, Vidar Grønli, seier at han ikkje vil kommentere påstandane til Moe om at arbeidstakarane ikkje burde gå ut i streik i så tøffe tider.

– Vi er i ei lovleg konflikt og vi i Fellesforbundet er løysingsorienterte og ynskjer å få konflikten løyst, seier Grønli.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL