– Belegget ved hotellet har gått så kraftig ned den siste tida, at vi kunne ikkje ha drive Melshorn Hotell så mykje lenger, forklarer hotelldirektør og eigar Linda Haddal Røssevoll til Vikebladet.
I dag klokka 17.00 orienterte ho dei tilsette ved hotellet om planane. Men ho veit ikkje når dei første kjem.
Ordføraren seier til avisa at han syns det er trist at Hareid mister overnattingsplassen.
– Men eg forstår også eigaren av hotellet. Når overnattingane går kraftig ned har eg forståing for at dei må tenke bedriftsøkonomisk, kommenterer Anders Riise.