Ved inngangspartiet var skulen pynta med raud løpar og både norsk og litauisk flagg. Inne var det stappfullt. Så mange som Kulsli aldri hadde sett på skulen.
- Eg måtte vente så lenge at eg fekk sjå kongen, seier han til NRK.
Kulsli studerer shipping og logistikk ved skulen som i dag tek i mot kong Harald og den litauiske presidenten Dalia Grybauskaité.
Besøkte Sula og Ålesund
Tidlegare i dag har dei to vore
, før dei fekk vere med på . Før besøket vart Ålesund sentrum prominente gjestane.- LES OGSÅ:
Når kongen kom til skulen var det Jens Folland og Ingrid Helen Liabø som fekk æra av å overrekkje blomar til dei prominente gjestane.
- Det var veldig stas å få denne oppgava, sa Folland, som er leiar i studentparlamentet ved skulen.
Avsluttar besøket
Inne på Høgskolen heldt rektor Geirmund Oltedal tale til gjestane, før dei fekk omvisning i simulatorane på skulen.
- Det er seks år sidan sist me hadde kongeleg besøk. Då opna kronprinsen skulen, sa Oltedal.
Besøket på skulen er avslutninga på det offisielle besøket, før kongen og den litauiske presidenten returnerer til Oslo.