Byvandring, besøk på Jugendstilsenteret, offisiell lunsj og besøk på Høgskolen i Ålesund står på programmet for statsbesøket i Ålesund.
- Fyrste stopp for gjestane på Sunnmøre var .
- LES OGSÅ:
- Tysdag vart vegane i Ålesund ordna før dei .
Fleire 1000 hadde møtt fram i Jugendbyens gater for å ta i mot kong Harald og Den litauiske presidenten Dalia Grybauskaitė.
- Sjå bilda frå besøket i Sula og Ålesund i bildegalleria til høgre i artikkelen.
Norske og litauiske fargar
Frå dei kom i land i Brosundet vart kongen og presidenten viste rundt i sentrum. På sin veg passerte dei St Olavs-plass og gjekk vidare gjennom Løvenvoldgata og Storgata.
Heile vegen hadde dei selskap av barnehageborn. Flagg i norske og litauiske fargar pynta opp Ålesund sentrum.
- Vi har ikkje øvd inn eit spesielt heiarop, men vi berre skrik, sa nokre av jentene NRK møtte langs løypa.
- Kunne ropt heile dagen
Dette er fyrste gong dei ser kongen, og situasjonen tilseier då at det blir roping.
- Vi får ikkje vondt i halsen, vi kunne ropt heile dagen, fortel dei.
Jenny-Ann Strande har ikkje sett kongen, men ein annan kongeleg tidlegare.
- Eg møtte kronprinsen på Burger King ein gong, seier ho.