Hopp til innhold

Han lappar brustein til statsbesøk

Brusteinen må lappast og den raude løparen blir skrudd fast. Det er klart for kongebesøk i Ålesund.

Lappar brostein.

Ronny Lillehovde lappar brostein i Ålesund for å unngå kongelig fall.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Du ser jo korleis han ser ut denne brusteinen her. Det er heilt forferdeleg, seier asfaltarbeidar Ronny Lillehovde frå Veidekke.

Statsbesøk på Fiskerstrand verft

Kong Harald og H.E. Dalia Grybauskaité

Hans Majestet Kong Harald og Republikken Litauens president H.E. Dalia Grybauskaité helsar på borna som møtte fram på slottsplassen.Programmet for det offisielle besøket held fram i Sula og Ålesund onsdag.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Han er ein av mange som er i sving for å gjere Ålesund klart for kongeleg besøk onsdag.

Kong Harald og den litauske presidenten Dalia Grybauskaitė skal innom Fiskerstrand verft i Sula, på byvandring i Ålesund med besøk på Jugendstilsenteret og på omvisning på Høgskolen i Ålesund.

Grunnen til at kongen tar med seg litauens president til Fiskerstrand verft under det offisielle statsbesøket, er at Fiskerstrand BLRT AS er eit 50/50 samarbeidsselskap med Western Shipyard i Klaipeda i Litauen.

Skrur fast løparen

Olav Arne Sulebakk i Ålesundsregionens hamnevesen

Olav Arne Sulebakk i Ålesundsregionens hamnevesen sikrar den raude løparen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Den raude løparen er også på plass i Ålesund.

Olav Arne Sulebakk er formann i Ålesundsregionens hamnevesen. Han har sjølv tatt ansvaret for å få festa den raude løparen i trappa der kongen og presidenten skal i land etter besøket på Fiskerstrand verft i nabokommunen Sula.

– Vi har gjort dette nokre gongar før, så det trur eg skal gå bra. Vi er to mann som skal ta i mot fortøyingane i morgon. Men då blir det i ein litt anna habitt enn dette, seier Sulebakk.

Og dei som lappar asfalt er også trygge på at det skal gå greit i morgon.

– Det er ingen fare for at nokon skal ramle etter at vi har vore her, seier Ronny Lillehovde til NRK.

Sjå video om førebuingane her:

Video Førebur seg til kongebesøk