NRK-veteranen Oddgeir Bruaset har jobba med eit portrett av Dronning Sonja dei siste åra. I kveld blir det sendt på tv.
Foto: Lena Høyberg / NRKOddgeir Bruaset har gjort ein heil del sidan han starta i NRK for 43 år sidan, og «Der ingen skulle tru ...» er nok programmet som er mest kjend. No er han pensjonist, men arbeidet hans lever framleis. I kveld er det duka for eit av høgdepunkta til veteranen når «Fjelldronninga» skal gå på NRK1.
Bruaset fortel at programmet handlar om Dronning Sonja og hennar forhold til norsk natur. Den spreke dronninga er spesielt glad i vestlandsk og nordnorsk natur, og går der fleire gonger i året.
– Eg ville ikkje ha tatt opp kampen med henne, seier Bruaset, og legg til at han har vondt for å tru at mange på hennar alder klarer å halde følgje med henne.
Imponert av dronninga
Ho er ei ekte friluftsdronning, og joggar saman med venner eit par gonger i veka. Under opptaka til Fjelldronninga avslører Bruaset at han fekk vere med henne på trening. Det kan ein mildt sagt kalle majestetisk, meiner han.
– Å sjå henne jogge på dårlege stiar så søla skvett, ja, då blir ein imponert.
- Les også:
Opptaka til programmet starta i 2012 og dei siste vart gjort i år. Bruaset hadde eit ønskje om å vere med dronninga både til Vestlandet og til Nord-Norge, og trass dronninga sitt tette program har dei klart å få ferdig portrettet som blir sendt på NRK1 i kveld.