Trebarnsmora frå ei lita bygd på Sunnmøre blei slått, sparka, drapstrua og tatt kvelartak på av mannen sin i årevis. Det slo Sunnmøre tingrett fast for tre år sidan.
Det som skjedde heime var hennar mørke hemmelegheit. Ho delte litt av det som føregjekk med nokre få personar, men etterpå bortforklarte ho det.
Både barnevern og familieterapeut var i kontakt med familien, men dei varsla ikkje politiet. «Line» sa nemleg aldri rett ut kva som føregjekk.
– Der var mange signal, men eg trur det handlar om at ein ikkje veit kva ein bør sjå etter, seier «Line». Av omsyn til barna har NRK valt å anonymisere henne og Line er ikkje det rette namnet hennar. Også barna blei utsette for vald.
Etter ein episode i 2015 blei politiet varsla. Mannen slo henne på biltur og nekta henne deretter å komme inn i huset, går det fram i dommen frå Sunnmøre tingrett. Ho drog difor til svigerforeldra sine, som kontakta politiet.
Skal forske på plikta til å seie frå
No skal forskarar finne ut om alvorleg partnarvald og partnardrap kan bli avverja. Gjennom koronapandemien har det vore ein stor auke i partnarvald.
– Mange veit om partnarvald, men det blir ikkje formidla vidare, seier forskar Kjartan Leer-Salvesen frå Høgskulen i Volda. Sju av ti valdsutsette og valdsutøvarar er i kontakt med hjelpeapparat før eit drap.
Kjartan Leer-Salvesen ved Høgskulen i Volda er ein av dei som skal lede forskningsprosjektet.
Foto: Høgskulen i VoldaSaman med Høgskolen i Molde, Politihøgskolen og Oslo universitetssjukehus skal forskarar sjå på om hjelpeapparatet bruker plikta si til å slå alarm og korleis dei samhandlar.
Både privatpersonar og hjelpeapparat er pliktige til å varsle dersom dei får høyre om alvorlege brotsverk eller trur at det mest truleg vil skje. Leer-Salvesen seier at det har vore lite fokus på denne avvergingsplikten, også internasjonalt. Studien skal vere den første i sitt slag i Europa.
Kvinna sa aldri rett ut til hjelpeapparatet kva som føregjekk i heimen. Ho lurer ofte på korleis livet hadde vore dersom ho hadde gått frå mannen tidlegare.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKVar vanskeleg å bryte opp
«Line» trur at dersom politiet hadde blitt varsla tidlegare kunne familien fått sett ein stoppar for mishandlinga fleire år før. Først etter 18 år kom ho seg ut av forholdet og mannen blei dømt til fengsel i to år for mishandling.
– Vi var veldig lojale mot han. Både eg og ungane. Det er veldig vanskeleg å bryte lojaliteten når du sit djupt i det, seier kvinna. Ho slit psykisk i dag og klarer ikkje jobbe fullt. Ho er likevel stolt over at har kome gjennom dette og føler at ho endeleg kan vere lukkeleg att. At forskarane no tar tak i problematikken synest ho er fantastisk.
– Mange gongar har eg tenkt på korleis livet mitt hadde vore dersom eg hadde gått frå han tidlegare, seier «Line»
Kvinna frå Sunnmøre seier at ho i dag er lukkeleg gift på nytt og at ho ser framover.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK