Hopp til innhold

Får likevel omstridd hjartemedisin - no vågar Idar å tru på ein alderdom

Tre gonger har ekspertar i helsevesenet sagt nei til den omstridde hjartemedisinen som kan forlenge livet til Idar Berget (72). I dag snudde dei.

Idar Berget og kona Sissel

Får likevel omstridd hjartemedisin - no vågar Idar å tru på ein alderdom. Han feira med kona Sissel i dag.

Foto: Remi Sagen / NRK

Idar Berget har den alvorlege hjartesjukdommen amyloidose. Hjartekammeret blir mindre og mindre og fungerer stadig dårlegare - til det ein dag er heilt slutt.

Den einaste medisinen som kan hjelpe har inntil i dag vore så dyr at styresmaktene har nekta norske pasientar å få den. I dag snudde dei.

Då kom flagget fram på Åheim på Sunnmøre.

– Det betyr at eg får medisinen og kan stoppe utviklinga av sjukdommen, slik at eg har sjanse til å halde fram å ha eit bra liv, seier Idar Berget.

No vil truleg fleire hundre pasientar få medisinen.

Idar Berget medisin

Det er desse tablettane Beslutningsforum for Nye Metoder har sagt ja til.

Foto: JONAS OTNEIM / NRK

Vil ikkje avsløre prisen

Beslutningsforum for Nye Metoder har behandla saka tre gonger før og sagt nei. I dag sa dei ja etter å ha gjort ein avtale med legemiddelfirmaet Pfizer.

Ingen av partane vil seie kva medisinen no kjem til å koste det norske helsevesenet.

Beslutningsforum er tilfreds med at vi er komne til ein avtale om Vyndaqel, som er i tråd med prioriteringskriteria og som gjer det mogleg å tilby denne behandlinga i Noreg, seier Inger Cathrine Bryne.

Ho er leiar av Beslutningsforum og administrerende direktør i Helse Vest.

Inger Cathrine Bryne er administrerende direktør i Helse Vest RHF og leder av Beslutningsforum.

Inger Cathrine Bryne er leiar i Beslutningsforum.

Foto: Kjetil Alsvik

– Stor pågang

Generalsekretær Frode Jahren i Landsforeningen for Hjerte- og Lungesyke seier dei har hatt uvanleg stor pågang om saka. Dei har kjempa for at hjartesjuke skal få ta i bruk medisinen Vyndaquel.

– Effekten er veldig, veldig god. Folk får mange fleire, gode leveår. For desse pasientane er dette heilt avgjerande, seier han.

Ekspertane er usamde om kor mange, anslaga varierer frå 400 til 3000 norske pasientar.

Tidlegare i vår starta LHL og fleire store pasientorganisasjonar ein underskriftskampanje. Målet var at norske styresmakter skal konkludere raskare og bruke meir pengar på nye metodar og behandlingsformer.

Frode Jahren generalsekretær i LHL (Landsforening for hjarte- og lungesjuke).

Generalsekretær Frode Jahren i Landsforeningen for Hjerte- og Lungesyke.

Foto: LHL

Meiner pris har for mykje å seie

Stortingspolitikar Sylvi Listhaug er ei av dei som fleire gonger har stilt spørsmål i Stortinget om kvifor hjartesjuke pasientar ikkje får medisinen. Ho meiner også at dei ikkje har nokon rell sjanse til å klage og få si sak behandla, så lenge Beslutningsforum har sagt nei til den einaste behandlinga som hjelper.

Ein månadsdose har tidlegare kosta opp mot 200 000 kroner, og dette er hovudårsaka til at helsevesenet så langt har sagt nei.

– Vi meiner overordna at pris blir vektlagt for høgt når medisinar skal godkjennekast, og helsegevinstane for pasientane blir undervurdert. Dei som taper på det er norske pasientar, som må vente alt for lenge på medisinar dei treng, seier Listhaug.

Sylvi Listhaug, leder i Fremskrittspartiet

Stortingsrepresentant Sylvi Listhaug (Frp) meiner helsevesenet ser for mykje på prisen.

Foto: William Jobling / NRK

Eg er ein vanleg borgar i eit av verdas rikaste land...

Føler meg no i ein prekær situasjon og treng så snart som mulig å få helsehjelpa det vil være i medisinen Vyndaqel. Får eg ikkje denne medisinen, vil det gå berre ein veg...

Frå klagen til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Førebur rettsak

Idar Berget i Vanylven er ein aktiv mann, sommar som vinter, og har lagt ned tallause timar for skigruppa på Åheim. I yrkeslivet har han hatt sentrale stillingar ved Olivinfabrikken i heimbygda.

Dei siste vekene har pensjonisten brukt mykje tid dei siste vekene på å førebu rettsak mot Staten.

Ei god helseforsikring gjorde at han klarte å få tak i den kostbare medisinen sjølv, etter at helsevesenet hadde sagt nei fleire gonger. Men då hadde det allereie gått eitt år.

– Eg har tapt tid, og det har ført til problem med hjartesvikt. Eg har ikkje konkludert om eg skal gå til rettsak og vil diskutere saka med advokaten min, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL