Hopp til innhold

Historisk godt år for Tussa

I fjor produserte Tussa mindre kraft enn normalt, men dei enda opp med eit historisk godt resultat for nettverksemda.

Tussa kraftverk, Bjørke i Hjørundfjorden

Her frå Tussa kraftverk i Bjørke i Hjørundfjorden.

Foto: Tussa

Tussa skriv i ei pressemelding at 2013 var eit år utanom det vanlege. Rekneskapen for fjoråret viser samla driftsinntekter på 834,3 millionar kroner mot 664,6 millionar i 2012.

Dei har hatt ei auke i omsetninga på over 25 prosent, og årsaka til auka er mellom anna knytt til nettinntekta etter orkanen Dagmar.

Kraftig auke i utbytet

Tussakonsernet har bestemt at dei skal betale ut 21,2 millionar i utbytte til sine eigarar. Dette er 15 millionar kroner meir i forhold til utbytet i 2012, og utgjer 7000 kroner per aksje.

Tussakonsernet har og hatt mindre sjukefråvær enn tidlegare. I 2013 låg fråværet på fire prosent og dette er ein nedgang på 0,4 prosent mot året før.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL